Bilto - Storslett

Ca. 150 km2 . Kartblad Ráisduottarháldi 1733 IV, Reisadalen 1734 III og Nordreisa 1734 IV.

På heile denne strekninga flyt elva ganske roleg. Det er få stryk, og fallet på ca. 55 km er berre 100 m. For det meste går elva gjennom dyrka eller "halvdyrka" mark, -beiter og nedlagt kulturjord. Riksveg 865 går langs elva, og andre vegar går både nær elva og i sidedalane. Ein del av dei rikaste områda botanisk sett er dermed blitt kraftig kulturpåverka. Men likevel er dalen så lang og elva så flaumstor og lunefull at store område framleis er lite utnytta til jordbruksføremål. Derfor kan også denne delen av dalen by på rike olderskogar og frodige bjørkeskogar nær elva.
Somme stader er delar av elva blitt avstengt (meandrar). Slike stader blir det gjerne utvikla større sumpar og våtmarker, gjerne nær ved eller i tilknytning til elva, og dette er eit spesielt gunstig miljø for svømme- og vadefuglar. Sandbankane kan mange stader vere store, men er meir utsett for kraftig flaum, og har mindre variert vegetasjon enn lenger oppe i dalen.

Det meste av lausmassane i dalbotnen er elveavsetningar, men lenger unna elva er det mange stader kraftig utvikla morenar med furuskog. Eskerar og dødisgroper finn ein ofte i desse avsetningane, spesielt mellom Liland og Sappen der moreneavsetningane er mest dominerande.
Rasmarkene langs dalsidene varierer sterkt, frå dei frodige og artsrike lokalitetane på dalsida av Jávreoaivit plantereservat, til dei golde og uryddige urdene langs det store fjellmassivet på austsida mellom Røyelen og Sappen.

Frå og med Røyelen kan det sporast marine avsetningar med mineralrik leirjord. Ein av dei finaste lokalitetane av dette slaget er Galsomælen ved Andsjøen, der det er varmeprega olderskog i sørhellingane, og lerkespore. Litt lenger oppe, i Hysingjord, er det nordgrense for gulsymre.

Pollane i deltaet ved Storslett har ein fin brakkvassvegetasjon. Især gjeld dette Nordkjos-pollen, der vi finn eskimomure (Potentilla egedii),

For opplysningar om strandvegetasjonen viser eg til Kristiansen (1975)


Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...