Çaravassdraget og Puntavassdraget

Omkring 80 km2 medrekna små parallelle elvar. Kartblad Ráisduottarháldi 1733 IV. Vel 2,5 km2 er dekt av vatn, spesielt Çarajávri (2 km2). Til området hører Çaravárri, Jeardneoaivi og ein stor del av Stuora Skáidi. Çarajohka kjem ned ved Sarelv. Den nedre delen bryt seg gjennom tversgåande lag i Litle Skádi-ryggen, til ein foss på vel 50 m og ein mindre canyon
Litle Skáidi er eit fint tur- og bærterreng for bygdefolk, og det har til sine tider vore bra med fisk i vatna. Çarajávri er storslått, med slakt terreng og vid horisont. I nedkant er det ein luoppál, og sør for den er det mange små morenar og dødisgroper, slik at det oppstår idylliske småbekkar og vatn. I ei av dødisgropene ligg det eit gammalt samisk alter. Ved innerenden er det eit liknande landskap med mange små vatn, Guollejávrit. Her er det både eit rikt planteliv i våtmarkene, og ikkje minst rike biotopar for vadefuglar. Både Stuora Skáidi, Çaravárri, og ikkje minst dei vide dalane Jovnnavággi og Luhçavággi dannar rike reinbeiter.
Det finst område med middels god kalkvegetasjon i dei høgare delane av Stuora Skáidi, elles er det relativt triviell vegetasjon i området. Det er da også dette området som. må vere alternativet dersom ein oppnår omleggingar av reindrifta på Gahperus-Jávreoaivit, kfr. I B.

Puntavassdraget. (Buntavággi).

Heile nedslagsfelter er på ca. 170 km2. Kartblad Ráisduottarháldi 1733 IV og Reisadalen 1734 II. Omlag 50 km2 ligg innanfor Ráisduottarháldi landskapsvernområde, som er omtala i punkt 4.

Området over skoggrensa er kartlagt i 1979 (Sætra et.al. 1980) og området under skoggrensa i 1984 (Sætra 1984).
Vassdraget kjem ned i dalen som ein vakker foss rett ved riksvegen, vel ei halv mil før vegenden. Dalen er klart todelt: Eit vidt forgreina nett av mindre elvar over skoggrensa, og ein trong ávþi nedst, mellom Stuora Skáidi og Gahperusçohka. Den tronge dalen og dei dramatiske urdformasjonane vender tanken mot at også dette kan vere ein gorsa, istidsgrøftdal, der ein isdemt sjø har stått i bassenget framfor Ráisduottarháldi, og brote seg veg med stor kraft ned mellom dei to fjella, slik at juvet vart til.
Den øvre delen av vassdraget består av tre greiner: Çoalbmejohka og Bieddjujohka, som allereide er beskrivne under pkt. 4, og i tillegg agnordalen Geatkutvággi, som kjem frå eit vasskilje mot Kåfjord i nord. Dette er eit botanisk svært allsidig og interessant område med mange kalkelskande artar. Så ligg da også området «vegg i vegg» med Javreoaivit naturreservat, og dannar liksom «baksida» av dette mot sørvest. Sjøane Geatkutjávri, Geatkutluoppal, Skorajávri og Aittašjávri er middels næringsrike og rike på næringsdyr og fisk. Der er også eit rikt fugleliv. Snølegene ved Skorajávri er blant dei rikaste ein kan finne i heile Nordreisa. Også her er det mange spor etter reintråkk og kjøring med barmarkskjøretøy, men skadane er små i forhold til sjølve reservatet.
Den gode vegetasjonen i Geatkutvággi finn ein også på vestsida, i Njakkehanvárri og i det høgtliggande fjellmassivet Loapmi, som kjem opp i 1100 m. Her finn ein i følgje Heggelund (1995) store riksnøleger med bl. a. dvergrublom (Draba crassifolia), snøfrytle (Luzula arctica), høgfjellsklokke (Campanula uniflora), stivsildre (Saxifraga hieraciifolia ), sibirkoll (Armeria scabra), blindurt (Silene wahlbergella), svartbakkestjerne (Erigeron humilis), sølvkattefot (Antennaria villifera), og fem andre Draba-artar utanom dvergrublom. Geologisk sett hører Geatkut-området og Njakkehanvárri til Ankerlia-feltet, akkurat som fjella i reservatet. Loapmi heng saman med det rike fjellet Biertavárri.
Den tronge elvedalen nedanfor Gievarskáidi har mange særmerkte naturformasjonar. Ved utløpet av Ruvdnjagorsa går det eit belte av dolomitt ned gjennom fjellsida, som vi har døpt «Kvitskreda». Her er vegetasjonen rik, med fleire Draba-artar og bergfrue (Saxifraga cotyledon). Der Meahçejohka kjem inn frå Stuora Skáidi er det ei miniatyrutgåve av Mollisfossen, med liknande frodig høgstaudeeng i fossegovet. Omtrent 1,5 km nedafor dette, i skoggrensa mot Skáidi, er det ei lita forkastning eller sprekkdanning som går i lengderetning av dalen. Der ligg firkanta blokker stabla oppå kvarandre nede i denne skòra, og den er døpt for «Fandens Ølkjellar» av oss. Samisk: ”Biro Juhkangoahti”, tilstilt oss av Nordreisa videregående skoles legendariske samisklærar Ivar Vangen. Vi vil be om at dette blir offisielt namn på denne formasjonen. Litle Skáidi har blandingsskog med mange store, staselege furuer. Innimellom er det rike og middels rike myrar, somme av dei er bakkemyrar med ei karakteristisk vegetasjon av blystorr (Carex livida), sveltull (Trichophorum alpinum) og tepperot (Potentilla erecta), som har nære parallellar ved Çavço i Alta.

Området oppfor Puntafoss bru har svært ulike elvekantar: På søraustsida er det forvitringsjord og olderskog med frodig bregnevegetasjon. Der er blant anna broddtelg (Dryopteris carthusiana) - til og med i fleire variantar. På nordsida er det morener nederst, lenger oppe er det bratt fjellvegg ned mot elva. Her er det varmeprega vegetasjon, med jordbær (Fragaria vesca), berggull (Erysimum hieracifolium), hengjepiggfrø (Lappula deflexa), flogmure (Potentilla chamissonis).
Nedanfor brua er det morener med furuskog, og nærmare Reisaelva er det flommark med ein merkeleg blandingsskog av older og furu! Her er det furuvintergrønn (Pyrola chlorantha). Elveutløpet i Reisaelva er foreslått som fredningsobjekt på grunn av den unike fjellvegetasjonen som har «flytta ned frå fjellet». Desse står her saman med låglandsartar av ulike slag. Artstalet på denne øyra er 131, og det må vere litt av ein rekord for slike lokalitetar. Der veks høgfjellsartar som dvergbjørk, snøarve (Cerastium arcticum) og vardefrytle (Luzula arcuata ssp. confusa), saman med høgstauder som ballblom (Trollius europaeus) og kvitbladtistel (Cirsium helenoides), og til og med havstrandplanter som krypkvein (Agrostis stolonifera) og sandslirekne (Polygonum raii ssp. norvegicum). Denne lokaliteten hastar det med å gjere noko med, den er truga både av sandtak og hyttebygging.

I området ved Punta gard, ein god kilometer lenger ned, er det to viktige våtmarker som også bør vernast. Den eine ligg oppfor vegen ved eit lite vatn. Der er blant anna funne ein uidentifisert Dryopteris som liknar vasstelg (D. cristata), og veks på samme måten i svært fuktig mark. Det er slått fast at det ikkje er den, men ennå er denne varianten ubestemt.

Samme art dukkar også opp på nedsida, ved ein såkalla «vårdam» med svært spesiell vegetasjon, bl.a. brønnkarse (Rorippa palustris), dvergmaure (Galium trifidum) og lappveronika (Veronica serpyllifolia ssp. humifusa). Også her hastar det med vern, da den blir brukt delvis som «crossbane» i dag.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...