Njállaávþi.

Under kartlegginga er det skrive rapportar frå ulike delar av nedslagsfeltet, jfr. kap. I A. Slike rapportar ligg føre for Njállaávþi (Sætra et.al. l979), Ráisvuopm og Çara/Punta (do. 1980) og Geatkevuopmi/Jierta (Sætra og Engelskjøn 1981). I tillegg finst det også ein rapport for den nedre delen av Punta-vassdraget (Sætra l984). Ingen av desse rapportane er publiserte, og blir det neppe. Dei er i hende hos Tromsø Museum, men er klausulert inntil denne rapporten ligg føre. Etter det vil dei vere opne for bruk. Det fell ganske naturleg å dele Reisavassdraget inn i skilde delområde, da kvar del både er relativt tydeleg geografisk avgrensa, og ikkje minst er nokså ulike i geologisk og vegetasjonsmessig samanheng.

Njállaávþi.

Området er ca. 170 km2. Kartblad Çierte 1733 B. Dette er den sørvestlege greina av Reisaelvas øvre tilløp. Tre elvar går ned i kløfta: 1) Njállajohka, som kjem frå Ságge Çierte og kjem ned midt i dalen, 2) Nieidejohka som kjem frå Sáitejávri, og 3) det «namnlause» utløpet av Deatnomuotkejávri ved finskegrensa. Her fører det fleire istidsgrøftdalar inn i dalkløfta. Dei har berre små bekkar i botnen i dag, og det er opplagt at desse ikkje kan ha grave ut dei djupe sluktene. Årsaka til dette fenomenet er at det tidlegare må ha stått ein isdemt sjø inne i Finland, med utløp gjennom slike dalar, som på samisk har fått namnet gorsa. Det er fem slike gorsaer i Njállaavþi, ein i Nieidaávþi og ein mellom Nieidaávþi og Bavdnjaleamši. (Vi har døypt han til ”Steindalen/Juvusvággi”). Gorsa-landskapet er trolsk og fascinerande, og blir rekna som sjølve kjernen i attraksjonane i nasjonalparken. Kvar av gorsaene har sitt særpreg.
Midtre del av njallaavzi mot nord.jpg
Rásseáddjatgorsa («graskjelde-juvet») er den nordlegaste. Her spring ein iskald bekk beint opp av grunnen, og det er store område med kjeldevegetasjon i dalbotnen. I fjellsidene er det steinfigurar som er danna under forvitringa: Nedst i dalen ser vi ein heil trollfamilie med ungar på ryggen, på veg mot sør. Lenger oppe finn vi sjølvaste Mumitrollet utforma i stein.

Jiehtanasqorsa er nummer to, og den lengste og mektigaste. Ordet jette vart innlånt i samisk allereie frå norrønt, akkurat som elvenamnet Reisa (av å risa = å stige raskt). Og det er saktens nok av troll i Jiehtanasgorsa, det er registrert omlag 40 små og store steinfigurar der den prekambriske kalken er heilt eller delvis erodert bort. Vi har «Soria Moria Slott», «Pønskaren», «Dinosaurus» og «Gygra» som dei lettast identifiserbare.
Nedst i dalen har vi den einaste naturlege granforekomsten i Troms. Det er ei klynge på 5 graner med maksimumshøgde ca. 6 meter. Truleg er det «senkarar» av ei gran som sto lenger oppe. Vi fann svake spor av ein gammal stuv i 1978, og ein utløpar frå denne ned til granene. Dermed kan forekomsten vere 3-400 år gammal. Det er vanleg norsk gran, ikkje den austlege ssp. obovata, som ein finn i nærliggande lokalitetar i Finland og Finnmark. Korleis spreiinga har skjedd, er ikkje lett å gjette, men det er neppe samar som har frakta konglar frå den nærmaste lokaliteten av norsk gran omkring øvre Soppero i Sverige. Vi må nok heller tru på sterk sørvestleg vind. Å finne gran på 480 m.o.h., altså meir enn hundre meter over skoggrensa på Storslett, seier litt om den svært spesielle biotopen og vegetasjonstypen som oppstår på solsidene i dei tronge gorsaene. Meir om det seinare.
Goikegorsa («Tørrjuvet») svarer til namnet. I store delar av juvet går elva under bakken. Somme stader kan ein høre elva nede under torva. Nedst i dalen bryt ho fram, akkurat som i Rásseáddjatgorsa. I den tronge nedre delen er det store skiftingar i vegetasjonen på få meter, og i bergsida var det i 1978 ein liten koloni av taksvaler.
Giokegorsa går under bakken
Mirkogorsa («Gift-juvet») er eit merkeleg namn, men den som kjem der, forstår namnet. Det går fleire steinryggar over juvet, og dei stenger inne fleire intenst gulgrønne dammar som ser giftige ut. Stagnert vatn, til dels med giftige blågrønnbakteriar, er derfor kanskje årsaka til namnet.
Hovedløpet av elva, som ikkje har eige namn, er også ein grøftdal, men fordi elva er så stor, er vel ikkje denne strengt tatt ein gorsa, men ein ávþi. Her har nok hovedutløpet gått i dei periodane da heile eller store delar av den finske elva Poroeno gjekk over hit.

Dei to gorsaene i Nieidaávþi har ikkje eigne namn, men også dei har ein interessant flora. Dessutan er det observert firfisle i dette området. Gorsaene ser nesten naturstridige ut. Når Idar Kristiansen i sitt dikt om Njállaávþi seier at «Fanden grov med si klo på den første mandag etter Skapelsen», er vi nesten freista til å tru han, i alle fall så lenge det ikkje er geologar i nærleiken.
Den midtre delen av Njállaávþi er ganske vid. Her ligg ein ås, Ávþevárri, midt i dalføret. Hovedelva går vest for åsen i eit trongt gjel. På austsida er det rikmyrar og små vatn. Her har geologane funne spor av uran.

Nedanfor Ávþevárri er elva demt av tersklar, og vi får eit omfattande våtmarkssystem med mange stiller (samisk: fielbma). I Nieidaávþi er det slike stiller nedfor ein stor sjø (samisk: luoppal). Her er det nesten ugjennomtrengeleg kratt av vier-høgstaudeskog med storrmyrar innimellom. Lenger nede, under Skohpeçohka blir elva striare og dalen trongare og meir uframkomleg. Ein stad her går ein del av elva inn i fjellet, og kjem ut att 250 m lenger nede.
Liene i Njállaávþi har typiske sol- og skuggesider med svært ulik vegetasjon. Krekling (krøkebær) blir avløyst av mjølbær i øvre delen av liene på austsida («solsida»), mens vestsida har mose og smyle i staden for blåbær og skrubbær, som er vanlege lenger ned i dalen. Rike rasmarker finn vi der det er spor av prekambriske avsetningsbergartar, men det er også magre granittiske raskjeglar mange stader.

Njállaláhku i vest er ei stor slette med glasiale og fluviale avsetningar. Her finst det sandbankar med fine hi-lokalitetar for det dyret som har gitt området namn: Fjellreven - njálla. Denne høgsletta har store område med høge dvergbjørkkratt (skieri) og fuktigare område med lyse vierartar (rohtu).

Njállaávþi er avgrensa mot sør og vest av grensene mot Finland og Finnmark, mot aust av Gámooaivi og Bávdnjavárri, mot nord av Ráiseatnu, Orvvosvárri, Roggeoaivi og Siðusoaivi.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...