Ráisduottarháldi - landskapsvernområde

81 km2, kartblad Ráisduottarháldi 1733 IV.

Dette området består av Nordreisas del av Háldi-massivet, i tillegg til det vide morene-området på nordsida, med dei to elveløpa Çoalbmejohka og Bieddjujohka. Ein del av området drenerer til den norsk-finske sjøen Somaójávri.
Dette området består av Nordreisas del av Háldi-massivet, i tillegg til det vide morene-området på nordsida, med dei to elveløpa Çoalbmejohka og Bieddjujohka. Ein del av området drenerer til den norsk-finske sjøen Somaójávri. Årsaka til at området er skilt ut, er at det går ei mykje brukt snøskoterløype frå Gáhperus og frå Sarelv som ender ved Somaó-hytta. På den eine sida er det nokså merkverdig at det særeigne fjellmassivet og moreneområdet ikkje skal vere med i parken. På den andre sida er vernestatusen god nok, og det er rekna som eit ufråvikeleg prinsipp at det ikkje skal finnast lovleg snøskoterløype i ein nasjonalpark. Morenane er omtala i kap. II B 2. Sjølve Háldi-massivet er mektig, og vel to tredelar av det, med dei høgaste toppane, ligg på norsk side. Likevel er den høgaste toppen på finsk side (1314 m) Finlands høgaste fjell og det går turistvegar dit frå Kilpisjärvi. Dessverre har «turistane» frå norsk side hatt litt for stor lastekapasitet. Da vi var på toppen (1365 m) i 1979 fann vi ein stor søppeldunge der, med plastkanner, metallkanner, plastposar med all slags matemballasje, ølkasse, skoterbelte og gassboksar. Dette er baksida ved å ha ei «lovleg» skoterløype: Svært mange oppfattar det slik at også fjellsidene rundt løypa er «frie» for kjøring.
Háldi er eit vanskeleg tilgjengeleg fjell frå norsk side. Ein kan gå opp frå Guolašjavri langs Huordnašjohka, eller frå Somaó langs Rahpeójohka. For å komme heilt opp, må ein forsere ei bratt li med blokkhav av store dimensjonar. Nesten ingen planter klarer å følgje med. Under toppen fann vi vardefrytle og raudsildre (1300 m). Men dersom ein orkar å dra med seg vatn og ved, kan ein få ei kjensle av å nyte ein nykokt kaffetår på verdas tak!
Vegetasjonen er sparsam i området, men det finst moderate kalkforekomstar her og der ved Huordnašjohka, og den sjeldne kluftstorr (Carex holostoma) veks der. Elles er det slik at det er straks nord for landskapsvernområdet vi finn dei verkeleg gode botaniske lokalitetane, i forlenging av forekomstane på Jávreoaivit. (Njákkehanvárri, Roggeçohkka).

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...