Imo - Bilto «Turist-sonen».

Kartblad Ráisduottarháldi 1733 IV og Mollešjohka 1733 I.
Ca. 50 km2, halvparten av dette innanfor nasjonalparken.

Dette er det tradisjonelle området for elvebåtferdsel og laksefiske. Området er naturleg avgrensa av dalkanten på begge sider. For det meste fell denne grensa saman med skoggrensa, unntatt mot Mollešvuopmi. Dalen har meir eller mindre preg av canyon oppfor Käyräniva. Imofossen aller øvst er den einaste «riktige» fossen i hovedelva, mens Nedrefoss er meir for stryk å rekne. Det er praktisk muleg med elvebåt og god vassføring å komme seg til Jorma inne i kløfta i Imoroaivi. Men elvebåtferdsel oppfor Nedrefoss er nå forbode.
Imoroaivi, den særeigne fjellryggen ved Imofossen, består av raud grunnfjellsgranitt som sprekk opp i rette vinklar og forvitrar seint. Elvekløfta er 80 - 100 m djup, sjølve fossen er 35 m, men gjer eit mektig inntrykk på både syn og ikkje minst hørsel i flaumtida. Imoroaivi har svært spesielle og rike lav-lokalitetar, som er uhyre sårbare. Desse må vernast betre mot den aukande turisttrafikken.

I fjellsidene på begge sider dominerer Dividalsdekket, her med ein tjukkleik på omlag 100 m. Oppå dette er det eit hardare skyvedekke, slik at vi får svært bratte sider. Rasmarkene i Dividalsformasjonen er nokså sterile. - Først ned mot Naustnes blir Dividalsformasjonen borte under ein kraftig utvikla morene med furuskog. Det er denne skogen som blei felt av fallvind frå nordvest i 1964, og deretter freda av Statens Skoger.
Ved Çievra blir morenen igjen borte, og dalen smalnar, for så å utvide seg kraftig ved Vuomatakka (samisk: Vuomádát). Her går det to elvar ut: Vuomádátjohka gjennom ein typisk ávþi, og Holgajohka gjennom den djupaste og mest utilgjengelege av alle gorsaene i dalen.

Sjølve Vuomatakka er eit flatt område med fluvialt materiale og høg grunnvasstand, der ulike typar av rike olderskogar er kraftig utvikla.
Elveøyrane frå Nedrefoss til og med Vuomatakka er godt utvikla og artsrike. Klåved finst her, men ikkje lenger nede i hovedelva, berre i Kildalen. Det gjævaste funnet er likevel kveinhavre (Trisetum subalpestre). Dei klassiske lokalitetane for denne planten er elvekantane på Naustnes og den vesle rabben i kulpen ved Nedrefosshytta, men den er også funnen lenger nede (Rautosuanto).

Mollesfossen er ein av attraksjonane i området. Med sine 279 m er fossen mellom dei 5 høgaste i Europa. Fossen har tre avsatsar, den nedste har 140 m fritt fall. Govet frå fossen har skapt ein heilt spesiell vegetasjon på grunn av det fuktige og kjølige klimaet spesielt på forsommaren. Framfor fossen er det utvikla ein «skoggrense-depresjon» på grunn av lokalklimaet. Nærmast fossen er det delvis utvikla ein fuktprega høgfjellsvegetasjon med eit tjukt mosedekke, delvis eit typisk høgstaudesamfunn.
Mellom Mollesfossen og Sieimma er det mange rike fluviale avsetningar med lågurtsamfunn, høgstaudeenger og til dels olderskog. Også ein del av rasmarkene i området har ein rik og høgstaudeprega olderskogsvegetasjon. Fleire stader i skoggrensa er det kalkprega vegetasjon.

Fordelinga av furu og lauvskog i denne delen av dalen er særeigen, i og med at grensene ofte går vertikalt, ikkje horisontalt. Dette ser nokså naturstridig ut, men er lett å forklare etter undersøkingane i dalen 1995): Det er porøsiteten i bergartane som avgjer der det er forvitringsjord. Harde, men likevel porøse bergartar gir tynt jorddekke og lite grunnvatn. Spesielt på solsida (austsida) er det berre furua med pælerøtter og soppsymbiose som får vatn nok. Når berg- og jordartar skifter, slik at grunnvatnet blir halde tilbake, blir furua utkonkurrert av lauvskogen. På 50 m kan det derfor skifte frå tett furuskog i heile lia, til einsidig lauvskog frå botn til topp. Det ser vi tydeleg demonstrert på begge sider ved Dissaltakka (Çissaldát), som er den største fossen på vestsida.
Området mellom Sieimma og Houvinkivi er brattlendt på vestsida der stigen går. I Sieimmaberget er det ein spesielt fin lavflora, og der er det taksvaler som bygger i berget, slik dei gjorde før menneska kom. Det samme finn vi i Ráisvuopmis canyon og i Goikegorsa, Njállaávþi.

På austsida kjem det to sideelvar: Sieimajohka og Giebajohka, som har laga store elveavsetningar med frodig lauvskog. Sieimmanjunni har ein del interessante morener og dødisgroper, og ein kraftig og tett furuskog med uvanleg høge, slanke tre.
Frå Houvinkivi («futesteinen» på finsk) og ned til Sarelv er det store moar langs elva med gamle fluviale avsetningar og tett, høgvaksen lauvskog som skifter mellom bjørk, rogn og osp på tørrare lokalitetar, og older, hegg, grønvier og sætervier på fuktigare jord. Enkelte stader er det glasiale avsetningar, f.eks. ein velutvikla esker ved Furuholmen. På den skifter skogen over til furu.

I lauvskogen langs elva er det for det meste lågurtenger, og på dei fuktige lokalitetane høgstauder med bregnedominans. I liene er det bjørkeskog med blåbær- og lågurtsamfunn. På lokalitetar der det er rikeleg grunnvatn blir det høgstaudesamfunn, og fleire plassar er osp eit vel så dominerande treslag som bjørk. Mot Sarelv aukar beitepreget på vegetasjonen.
Dei fleste ospeholta er av meir vanleg «tørr» type, men eit par, spesielt eitt ved Furuholmen, er fuktprega og har typisk høgstaudevegetasjon. Her kan en muligens seie at ospa har tatt den plassen som oldra «normalt» har. Både Fremstad & Normann (1980) og Elvebakk (1995) legg stor vekt på verneverdien av desse sjeldne biotopane. Problemet er at dei ligg 7 - 8 km nedafor nasjonalpark-grensa, og at Statsskog både har bygd veg gjennom lokaliteten, og planta gran der. Dette er ein svart flekk på Statskogs miljøprofil i området. Men det er ikkje for seint å snu.
Det er elles litt merkverdig at Statskog brått fann på å bygge denne vegen i nittiåra, etter at nasjonalparken var eit faktum. Etter eit notat frå skogforvaltar A. Angeloff (1976) er det drivbare arealet Sarelv - Sieimma berre på 600 da, og den årlege tilveksten er 100 m3. Sjølv med ei nokså intensiv utnytting av årstilveksten i heile området, er det kanskje berre muleg å drive ut 60 m3 /år. Resten ligg utilgjengeleg til, eller det er med i det freda barskogsområdet i Ansamukka. Dette svarer til ein dags hogst for to eller tre mann etter moderne metodar. I tillegg.kan ein sjølvsagt drive ut ein del bjørk til sponplatefabrikken i Sørreisa. Men det er vanskeleg å sjå at dette skulle gi grunnlag for ei millioninvestering, som i tillegg trugar viktige botaniske lokalitetar og ein av Norges nordlegaste hubro-biotopar.
Fig. 5. Tabell frå A. Angeloff (1976).

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...