Mollešvuopmi. Giebaávzi, Ruovtašávzi og Cievraávzi

Dette er ein vid «hengande dal» frå aust, og stor-elva ender i Mollešfossen i dalsida to mil oppfor Sarelv. Det skogkledde området ligg mellom 400 og 580 m, og er på ca. 40 km2 dersom ein tar med dei tre sideløpande elvane Çievrajohka, Ruovtašjohka og Giebajohka. Resten av nedslagsfelter, som er på vel 250 km2 består av snaufjell som er lite undersøkt, men som ein må gå ut frå har svært triviell vegetasjon, ut frå dei sporadiske besøk området har hatt av botanikarar. Langs sjølve Mollešjohka er det derfor lite som er funne av botaniske «godbitar», og vegetasjonen er skiftesvis blåbær-bjørkeskog og fattig til medium myr med rikelege forekomstar av molte.
I «nilsonen» langs Mollešjohka er det frodige høgstaudeenger, og her er det eit større innslag av hoplanter av åkerbær (Rubus arcticus) enn elles i vassdraget.

Annleis er det med dei tre v-dalane Giebaávþi, Ruovtašávþi og Çievraávþi, som grev seg ned i skyvedekka. Der er det til dels funne svært interessante rasmarker og bergvegetasjon, med innslag av varmekjære «sørbergsartar» . (Selander l955). Slike område finn ein også på austsida av hoveddalen. Akkurat på dalkanten er vegetasjonen svært tørkeprega, slik at ein finn mjølbær-bjørkeskog, eit fenomen som vi elles finn lenger inne i dalen. Dei nordlegaste flekkane finst ved Sieimma.
I lågare område oppfor Ruovtašávþi og Çievraávþi er det ein del rike grasmyrar (soligene) med store mengder av brudespore (Gymnadenia conopsea) som særmerke. Rasmarkene i Ruovtašávþi og Çievraávþi har relativt store forekomstar av snømure (Potentilla nivea) og flågmure (P. chamissonis), den siste kan bli i overkant av 50 cm høg (Sætra l988). Fjellsolblom (Arnica alpina) er ein annan viktig art her. Dei samme artane finn ein att i Giebaávþi, med tillegg av blåmjelt (Astragalus norvegicus), som elles berre er funnen i Njállaávþi. Det er berre undersøkt ca. ein km av den fem km lange kløfta i Giebaávþi. Her kan det ennå finnast overraskingar, og fjellområdet ikring denne kløfta er det dårlegast undersøkte i heile nedslagsfeltet.
Alle desse tre djupe kløftdalane har særeigne og dramatiske landskapsformer. Giebaávþi er ein «falsk agnordal» av samme type som Geatkevuopmi. Ruovtašávþi har mange steinfigurar, den merkelegaste er «Preikestolen», eller «Fugl Dam» som han er kalla, fordi han ser ut som ein stor eventyrfugl sett innanfrå juvet.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...