Geatkevuopmi og Jierta

Området er ca. 270 km2. Kartblad Molleójohka 1733 I, Çierte 1733 II og litt på Ráisduottarháldi 1733 IV. Området grensar mot Njállaávþi i sør, mot Finland i vest, mot vasskiljet til Çara i nord, og dalkanten i aust.
Bygdefolk brukar ofte namnet Ahmavuopmi, som er finsk. Begge namna betyr «Jerveleina». Det er ein brei , tilsynelatande agnordal bak Jierta og Nedrefoss-området. ”Tilsynelatande” er brukt fordi utforminga neppe kjem av endringar i hoveddreneringa. Det slo oss under kartlegginga i 1980 at det må ha stått ein isdemt sjø i dalen ein gong i tida. Det er muleg å skimte «strandlinjer» omkring kote 520 - 540, især i Çuonjáoaivit og Añkkaroaivvit. Denne sjøen ser ut til å ha vore innestengt av ein terskel sør for Jierta, og det har vore to utløp til hoveddalen, som begge ligg på kote 530 - 540: Gjennom Holgagorsa til Vuomádát, og gjennom Spánigorsa til Imo. Dette gir ei forklaring på dei dramatiske formasjonane i desse kløftene. Holgagorsa har ei nesten klassisk utforming av istidsgrøftdal. Spánigorsa har blitt til i ein forkastingssone, og her er dei geologiske laga til dels ulike på begge sider av elva, med kraftige foldingar i dividalsbergartane.
Innsjøavsetningane ved Añkkargurra er finkornige, med gode muligheter for revehi. Samane har hytte her, og det er samlingsplass og til dels slakting av rein i nærleiken. Det er ikkje berre Spánigorsa som er forkastning her. Sjølve Geatkejohkas nedre løp går i ein forkastningsdal som er nesten umuleg å trenge inn i. Ein må derfor eit stykke innover dalen for å krysse elva, som kan vere både stor og stri i periodar, og som pussig nok ikkje har fisk!
Under Guorbamohkki er det ei ganske djup og smal forkastning, der det er eit frodig, nærmast eutroft vatn med mange sjeldne insekt- og planteartar, såleis eit par algeartar av slekta Nitella.

Geologien skiftar svært i området, sjå Zwaan (1977) . Geresoaivi, Çuonjaoaivi og Gáhkkoroaivi høyrer til eit belte med sterkt forgneisa kambrisk/eokambrisk fjell som heng saman med fjellmassivet kring Çarajávri og aust for dalen. Ganeójohka går omtrent langs ei skyvegrense for dette dekket, og sør og vest for denne elva er det eit smalt, halvmåneforma område med mindre omdanna meta-arkose og granat-glimmerskifer, frå Láddojávrit via Hárvvesvággi over mot Holgavárri. Dekket held fram, og vidar seg ut i Vuomádatçohkka og Vuomádátláhku , avgrensa av forkastninga gjennom Spánigorsa. «Inni» denne halvmånen og sør for denne får vi eit nytt dekke, Jierta-dekket, med kvartssandstein, siltstein og leirskifer/alunskifer. I grensesonane mellom dei to dekka er det mange stader ryggar med dolomitt i området vest for Ganeójohka, nærmare bestemt i Unotgielas, Ráikogielas, Añkkaroaivvit, Suðaidangielas og Siðusoaivi. Desse ryggane har små, isolerte forekomstar av sjeldne, kalkelskande artar.
Sør for Geatkejohka er det grunnfjellsgranitt, men langs den indre delen av denne forkastninga er det Jierta-dekke på begge sider, med innslag av dividalsbergartar. Siðusoaivi er den rikaste delen av dette dekket.

Sjølve bassenget i Geatkevuopmi er dekt av store lausmassar, og dei omfattande tjern- og våtmarkssystema i Geatkevuopmi og Moallavuopmi er svært interessante
Fleire av myrane er nærmast «botnlause», og på grunnlag av studiet av mineraljorda og ein del såkalla «muddervulkanar» (riktigare: mudderkjelder), kan ein slå fast at mineraljorda er svært finkornig. Muligens styrkar dette teorien om at det er tidlegare sjøbotn der det er utfelt breslam. Myrane er topogene (grunnvatn-myrar) utan merkbar stagnasjon, av intermediær type. Det er små, men merkbare spor av palsutvikling, men ikkje palsar i snever forstand.
I Jierta-massivet er det mange bakkemyrar (soligene) over dividalsformasjonen. Desse er til dels rikmyrar.

Det undersøkte området er i meir enn ein forstand eit grenseområde: Mellom kystklima og innlandsklima, mellom sediment- og størkningsbergartar, mellom floraen i kystfjella og på vidda.
Området er effektivt verna mot nordvest av Háldi-massivet og fjella mot Nordreisa. Især blir den nedbørrike nordvest-vinden stengt nokså effektivt ute. Dette fører til at innafor Háldi minkar årsnedbøren raskt når vi går innover, og sommartemperaturen stig. Derfor blir det aldri så låge vintertemperaturer her som lenger aust, i Ráisvuopmi og Guovdageaidnu. Området frå Njállaávþi til Háldi ligg høgare og er meir vindeksponert, slik at det ikkje blir «sjøar» av kaldluft. Dette betyr nok ein del for vegetasjonen vår og haust. Det er også viktig at området har mange soldøgn (mindre enn 100 dagar kvart år med meir enn 0.1 mm nedbør), og at nedbøren er ganske jamt fordelt. Da samla nedbør pr. år er omkring 350 mm, burde vegetasjonen på fjelltoppane og andre vel drenerte område bli nokså tørkeprega. Men slik er det ikkje. Lappvierheiane går overraskande høgt opp mot toppane. Dette kan muligens ha noko med berg- og jordstruktur å gjere.
Det spesielle klimaet fører til at skoggrensa enkelte stader kjem opp i 580 m, spesielt i dei solrike lesidene av Jierta og Guorbaçohkka. Rogn er til dømes funne på 680 m.o.h. i Roggeoaivi. På grensa til området finn vi dei høgast-veksande furuene i Troms, i Spánigorsa og fjellsida mot Jiertafossen.

På stader som ikkje blir nærmare oppgitt vart det i 1975 observert myrhauk, og i 1980 vandrefalk.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...