del 2 - Ruovasavzi

Rasmarka framfor fossen er fuktigare enn dei andre. Her er eit frodig og artsrikt samfunn med slike regionale sjeldenheter som jordbær, firblad, fjellsolblom, sandfiol og grønnburkne. Fossen glitrar i den sterke ettermiddags-sola. Over meg svevar eit fjellvåkpar ved den eine fjellsida og ein tårnfalk ved den andre. Lenger ned i dalen har eg hørt dvergfalken. Og det er både elg- og harelort langsetter elva.
Dette er Ruovasavzi, ein sommar-ettermiddag under lauhenget, i ei urørt villmark, midre enn 1 km frå turistvegen.

Cievraavzi

Målet neste dag finnes halvannen kilometer lenger mot sør. Flaummarkene utenfor dalopninga er frodige og velutvikla, og elveavsetningane ligg som skavlar bortetter. Elva har gjort eit stort og grundig arbeid. Så er da også elva større og striare her. Likevel er dalen trongare og mindre framkommelig, - ikkje rett plass for folk med klaustrofobi. Nord sia av dalen har eit småskifrig lag av Dividals-formasjonen, og oppå dette ligg det samme kalkrike skyvedekket som i Ruovasavzi.
Vegetasjonen er fattigare, og det er ganske få flågmurar her. Men ellers er det fleire sildre- og rublom-artar, - og blåklokker! Dessverre er det vikua før blåklokkevikua her, men rasmarka må vere eit syn sist i månaden! Den lause skiferen gjør rasmarkene farlege å gå i. Og snart strøyper dalen seg i hop. Ved foten av fleire små fossar er det stopp. Ingen veg vidare? - Kanskje oppover den bratte rasmarka mot sør?

Det er tungt å gå, men eg glømmer det snart. For her er det massevis av flågmure og fjellsolblom, saman med reinrose, tuvesildre, sandfiol, fjellarve, snauarve, snøarve og berggull. Øvst oppe ser det nifst ut, men der veks sjølvaste bergfrua! - Og sannelig, - når eg kjem så langt, finn eg ei lita opning ut mot kanten av juvet!
bergfrua
Bergfrua - Saxifraga cotyledon
Utsveitta og glad står eg på ein sti som snirklar seg ned langs dalkanten, med avgrunn på den eine sida og trygg bjørkeskog på den andre. Her er spor etter menneske og hund, og ei og anna klauv. Her går fjellfolket til og frå jobben sin. Legg dei stien her for di terrenget er lageleg, eller likar dei det dramatiske utsynet over juvet - avzi -. Kanskje ei avveksling frå den rolege vidda.

Epilog

Det er ein sein ettermiddag. Eg går gjennom blomstarengene ned mot Reisaelva. Sola glør i nordvest, og det er ståk ved elva. På bakken er det halvfulle ungguttar, liggende eller i halvrøysa. I ein båt sit dei unge jentene, atskillig meir flidde, men molefonkne over kavalerane. Ute på ein sandbanke er det skrål av eit par jenter som har halde følgje med gutane. Det er alle slags flasker, kanner, potetgullposar og våte sokkar omkring. - Vi er mindre enn ein kilometer frå kvar av dei to ukjente villmarkene.

Det blir nok ryddig på leirplassen igjen, eg fryktar ikkje for det. Men neste gong ville det kanskje vere trivelegare for jentene å bryte opp frå manns- og motekulturen, og følgje opp det svake suset frå Cievraavzi?
  text/htmlBergfrua

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...