IV. MÅL OG METODAR, Val av kartleggingseiningar - Oppstartsproblem i Njállaavzi

Av Hartvig Sætra

Under oppstarten av kartleggingsarbeidet i Njállaávþi 1978 skulle Saltfjellsrapporten (Aune og Kjærem 1977) leggast til grunn for vegetasjonseiningar og kodar på kartet. Systemet er utarbeidd med tanke på oversiktskartlegging i målestokk frå 1 : 50 000 til 1 : 25 000. I Saltdalsrapporten er det ikkje noka «finare» inndeling for kartlegging 1 : 10 000. Denne inndelinga var først ferdig i juni 1978, signert DKNVS, Muséet, bot.avd. Derfor hadde vi ikkje fått anna enn ei summarisk opplisting da vi starta på kartlegginga i Njállaávþi i juli 1978. Vi hadde flybilder til rådvelde for heile området i målestokk 1 : 35 000, og for gorsaområdet hadde vi bilder for detaljkartlegging i 1 : 10 000. Utgangspunktet var at vi skulle bruke Aune & Kjærem (1977) for målestokken 1 : 35 000, og den nye lista frå DKNVS til 1 : 10 000. Begge desse føresetnadene skapte frå første stund store problem i Njállaávþi, som vi skal sjå seinare
Hovedtypane etter Aune og Kjærem (1977) for kartlegging i målestokk 1 : 50 000 til 1 : 25 000:

1. Heiar og enger i fjellet. 5. Bjørkeskogar. 2. Snøleger og mellomalpin vegetasjon. 6. Barskogar. 3. Vass-, sump- og kjeldevegetasjon 7. Andre lauvskogar. 4. Myrvegetasjon. 8. Kulturmark.

Grovinndelinga følgjer her inndeling i naturtypar: Skog, myr, sump, snaufjell, snølege. Slike inndelingar er basert på ulik grunnvasstand, jordtype, eksposisjon og skiktutforming. Skiktbegrepet bygger på ei inndeling i fire: Botnskikt, feltskikt, buskskikt og treskikt. Skog er naturtypen når det er treaktige vokstrar på over 2 m som har ei minimum kronedekning på minst 10% i treskiktet. Krattskog har vi når dei treaktige vokstrane er mellom 30 cm og 2 m, og dekninga er minst 20% av flata i buskskiktet. Store delar av det kartlagde området har dermed pr. definisjon krattskog.
Hovedtypane etter Aune og Kjærem (1977) for kartlegging i målestokk 1 : 50 000 til 1 : 25 000:

1. Heiar og enger i fjellet. 5. Bjørkeskogar. 2. Snøleger og mellomalpin vegetasjon. 6. Barskogar. 3. Vass-, sump- og kjeldevegetasjon 7. Andre lauvskogar. 4. Myrvegetasjon.
Grovinndelinga følgjer her inndeling i naturtypar: Skog, myr, sump, snaufjell, snølege. Slike inndelingar er basert på ulik grunnvasstand, jordtype, eksposisjon og skiktutforming. Skiktbegrepet bygger på ei inndeling i fire: Botnskikt, feltskikt, buskskikt og treskikt. Skog er naturtypen når det er treaktige vokstrar på over 2 m som har ei minimum kronedekning på minst 10% i treskiktet. Krattskog har vi når dei treaktige vokstrane er mellom 30 cm og 2 m, og dekninga er minst 20% av flata i buskskiktet. Store delar av det kartlagde området har dermed pr. definisjon krattskog.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...