Det undersøkte området - Kulturpåverknad og tekniske inngrep

Av Hartvig Sætra

Når dalen er bebygd i ei lengde av 53 km, seier det seg sjølv at både jordbruk, skogbruk og vegbygging har sett sine merke. Elveforbygningar og masseuttak har influert på elveløpet, men neppe i så stor grad som naturkreftene. Det har funnest planar om kraftutbygging i vassdraget. Desse har nå lita interesse, men ein kan lese om dei i florarapporten, (Sætra 1986).
Kulturpåverknaden på elva og elvebreidden var nok vel så stor i tidlegare tider, da tjærebrenning og fløyting av tømmer og ved var vanleg langt oppfor den nåverande vegenden. I dag er elvebåttrafikken stor mellorn Sarelv og Nedrefoss, og reguleringar har vore diskutert, men foreløpig har Rådet for Reisa Nasjonalpark vore forsiktig med å foreslå restriksjonar. Denne trafikken har liten innverknad på vegetasjonen. Det kan til og med sjå ut som at den sjeldne kveinhavren nyt godt av eit visst tråkk, da den finst rikeleg på plassar der folk brukar å gå i land og koke kaffe!

Snøskoterkjøring er eit stridstema i distriktet. For vegetasjonen har denne kjøringa ei viss betydning på vårvinteren, når dei rike rabbane blir fri for snø. Da kjører folk med skoter inn på den berre rabben og rastar der. I motsetning til kveinhavren tålar ikke dei sjeldne artane på rabbane denne slitasjen. Derfor er argumentet om at «skoteren ikkje skader vegetasjonen» neppe heilt truverdig. Men generelt meiner eg at snøskoteren i første rekke er eit kulturelt problem, ikkje eit naturvernproblem.
Annleis er det med barmarkskjøringa. Og alle verst er tohjulingane, som både blir brukt av reindrifta, og av fastbuande i destruktivt og ulovleg ærend. Mange stader ser rikmyrane ut som potetåkrar, og rabbar og snøleger er oppspølte. Det gjeld særleg i delar av området rundt Gahperus og Jávreoaivit naturreservat. Når det gjeld desse forholda og problema kring reindrifta, viser eg til pkt. I B.

Gruvedrift har det vore tidlegare, både i Moskodalen og i nært tilgrensande område i Guovdageaidnu (Bieddjuvággi) og i Gáivuotna (Biertavárri). Det har vore oppdaga visse forekomstar av uranmalm i Njállaávþi (jfr. II C 1) og i Ráisvuopmi (II C 2). Det ser ikkje ut til at desse forekomstane blir ansett som drivverdige i overskodeleg framtid.

Ein plass i Reisadalen kan masseuttak av sand og grus truge verneverdige lokalitetar, så langt vi har oversikt over i dag. Det gjeld utløpet av Puntaelva i Reisaelva, (jfr. II C 9 ).

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...