IV. MÅL OG METODAR, Meir om bruken av kartleggingseiningane

Som det går fram av kap. IV A, har eg følgt DKNVS/Aune og Kjærem (1973). Eventuelle avvik er drøfta samme stad. Det har vore hevda at eg burde omstrukturert systemet, men av praktiske årsaker finn eg dette så tidkrevjande og formålslaust at eg ikkje vil gå inn på det. Blant anna skulle det krevje at karttransparentane, som har lege ferdige i snart 15 år, måtte teiknast fullstendig om og få heilt nye signaturar. Denne rapporten skulle i praksis ha kome samtidig med dei andre rapportane som vart sydd etter samme leist. Derfor får eventuelle kritiske lesarar bere over med dette, og ta rapporten for det den er: Ein forseinka del av rapportane om tiårsvassdraga. Aune & Kjærems grovinndeling er berre brukt på kart i 1 : 50 000, det vil seie på det trykte kartet frå Njállaávþi (Johnsen et.al. l978).
Vegetasjonstypane blir i kap. VI behandla fortløpande etter inndelinga i DKNVS (1978). Samanhengen med A. & K.s grovinndeling blir nemnt der dette er naturleg, det vil i praksis seie: berre for dei vegetasjonstypane som førekjem i Njállaávþi. Kvar formasjon får sine innleiingsmerknader i kap. VI. Deretter blir kvar vegetasjonseining nærmare beskriven. Opplysningane blir gruppert slik:
Kode: DKNVS i alle høve, Aune & Kjærem dersom det er vegetasjonstypar av overordna karakter (oversiktskategori brukt i 1 : 50 000 i Njállaávþi).

Struktur: Her blir skikta tatt med, og vegetasjonsformer dersom det er interessant.

Typiske artar: Her er tatt med artar som er vanlegvis dominante (vd), stundom dominante (sd) og skiljeartar (sk). Dei interessante artane finst først og fremst i treskiktet og feltskiktet, unntaksvis i buskskiktet. Når det gjeld fjellvegetasjonen er også botnskiktet viktig, det samme kan det vere i kjelder og enkelte myrar.

Jordsmonn: Kort karakteristikk av jordart og jordprofil. Det er ikkje tatt systematiske jordprøver.

Hydrologi: Grunnvatn og snøforhold.

Førekomst: Vegetasjonssone, høgdelag, kontinentalitet.

Eksposisjon: Sol- eller skuggeside, vind- eller leside.

Produksjon: Her følgjer eg Saltfjell-rapporten, som igjen bygger på fire kategoriar etter Moen & Moen (1975) frå Nerskogen . 42 Gruppe 1: liten produksjon, under 100 kg/da/år. Gruppe 2: måteleg produksjon, 100 - 200 kg/da/år. Gruppe 3: god produksjon, 200 - 600 kg/da/år. Gruppe 4: stor produksjon, over 600 kg/da/år.

Beiteverdi: Bygger på Saltfjellrapporten (som igjen bygger på Lyftingsmo & Hersoug 1959). I tillegg er det brukt opplysningar frå samisk hald og eige skjønn.

Vegetasjonssosiologisk plassering er tatt opp i del VI, og derfor utelate her.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...