V. VEGETASJONSSONAR LANGS REISAVASSDRAGET

Av Hartvig Sætra

Av naturlege årsaker kjem dei vegetasjonssonane og -typane som er med i kartlegginga, til å få grundigast gjennomgang. Det vil i praksis seie dei typane som er med i dei to tabellane på slutten av forrige kapittel. Ein del av dei andre typane er nemnt under omtalen av delområda, og vil derfor få svært summarisk behandling her. Men det er naturleg å foreta ei inndeling av nedslagsfeltet i vegetasjonssonar og høgdelagsbelte. Og ein del av dei mest interessante vegetasjonstypane som ikkje inngår i det kartlagde området, vil bli omtalt i denne delen.

Kystsonen.

1. Strandvegetasjonen. Denne er undersøkt i samanheng ned strandvegetasjonen i resten av landsdelen, jfr. Kristiansen (1975) . Den blir derfor ikkje omtala her.

2. Olderskogar under marin grense. Denne spesielle vegetasjonstypen er prega av både høgt mineralinnhald, god humusomsetning og varmekjære artar. Den klassiske indikatoren på slik skog er lerkespore (Corydalis fabacea) og gulveis (Anemone ranunculoides). Begge artar finst i Galsomælen og Hysingjord. Tidlegare var Galsomælen norsk nordgrense for lerkespore, men nå er arten funnen i tilsvarande biotop på Vest-Uløy.

Vegetasjonstypen er bra undersøkt i Sør-Troms , jfr. Fremstad & Øvstedal (1978) og Fremstad & Normann (1982) . Men i Nord-Troms har dei berre nokre få ruter. Denne vegetasjonstypen er utbreidd i nedre delen av Reisadalen, opp mot Moskodalen. Underskrivne har vore på dei fleste aktuelle lokalitetane, men har ikkje gjort systematisk arbeid der. Tilsvarande lokalitetar finst i Straumfjorden, på Ravelseid, Spåkenes og Vest-Uløy. Innanfor desse er lerkespore berre funnen på Vest-Uløy. Det vil vel vere naturleg å sjå desse lokalitetane i samanheng i ei særskild inventering seinare.

3. Andre kystprega vegetasjonstypar. Sorn eg har vist i hovudoppgåva mi om granbonitetar i Nord-Troms (Sætra 1971) er det kontinentale preget sterkt langs heile Reisavassdraget. Tre «kyst-artar» er brukt for å markere den kontinentale grensa, som går eit stykke ut i Reisafjorden: Myrklegg (Pedicularis palustris ssp. borealis), bjønnkam (Blechnum spicant) og tiriltunge (Lotus corniculatus var. borealis). Eg har gitt denne grensa namnet «Lotus-grensa», etter den siste arten, som av ein eller annan grunn ikkje klarer å .forflytte seg innover Reisafjorden - mest sannsynleg av klimatiske årsaker. Som eit kuriosum kan det nemnast at ved denne grensa møtest dei to Polemonium-artane fjellflokk (Polemonium caeruleum, kystplante) og lappflokk (P. acutiflorum, kontinental). Tre andre markante artar som er knytta til kysten, går litt lenger inn i dalen, og kan dominere på mindre lokalitetar: 1) Røsslyng (Calluna vulgaris) førekjem på rabbar med eit visst sigevasspreg hist og her innover til Punta. 2) Sibirgraslauk ( Allium schoenophrasum ssp. sibiricum), som er vanleg på rike engsamfunn, spesielt i Røyeldalen/Fávrresorda.

3) I rasmarker nær kysten er det også særprega bregnesamfunn med ormetelg (Dryopteris filix-mas). Dei er enda viktigare i dei delane av Nordreisa som ikkje hører med til nedslagsfeltet: Uløy, Gjøvarden, Ravelseid, Rotsund. Denne typen inneheld relativt sjeldne artar som hengepiggfrø (Lappula deflexa), maurarve (Moehringia trinervia), jonsokkoll (Ajuga pyramidalis) og breiflangre (Epipactis helleborine). Slike varmeprega sørbergssamfunn langs kysten bør inngå i andre undersøkingar med hovedvekt på kystvegetasjon.

«Nil-sonen» langs elva og andre sumpskogar.

I den nedre delen av dalen går dei kystnære olderskogane over i ordinær ore-hegge-skog. Denne finn vi langs elva fram til inngangen til Njallaavþi, og i store sidedalar som Kildalen og Røyeldalen.

Sumpskogane held fram i dei øvre delane av vassdraget, men da i form av vier- sumpskogar, der sætervier (Salix myrsinifolia ssp. borealis), grønnvier (S.phylicifolia), ullvier (S. lanata ssp. lanata), diverse andre Salix-artar og krysningar står i tette, nesten jungelaktige bestandar. Eg har ikkje sett denne typen sumpskogar så kraftig utvikla ved andre vassdrag her nord.

Barskogssonen (Regio sylvatica).

Barskog betyr sjølvsagt utelukkande furuskog (Pinus silvestris ssp. lapponica). Forekomsten av skogdannande når mot nord til elveoset på Storslett. Lenger ut til «Lotus-grensa» finst det spreidde grupper av vill furu.

Barskogsgrensa har ein tendens til å stige med auka kontinentalitet. Mens furuskog berre finst under marin grense (ca. 45 m) ved Storslett, går furuskogen over 200 m i området mellom Sieimma og Naustnes, jfr. Sætra (1995) . At ein finn furuskog berre på solsida av dalen og på grus-morener, har si årsak i at furua blir utkonkurrert av lauvskog så sant det er rimeleg jordråme og næring. Furua dannar derfor skog berre på dei aller tørraste og skrinnaste lokalitetane inne i Reisadalen. Vi får «striper» av furuskog der grunnvatnet står djupt. Vegetasjonen på slike lokalitetar skal vi sjå på seinare.

Det er lite furuskog i sidedalane, med unntak av Kildalen. I hoveddalen stoppar forekomsten av enkeltindivid ved inngangen til Njallaavþi, og i Spánigorsa har ein funne enkeltståande tre på tre-fire meter heilt til 480 m.o.h. Dette er høgderekord for Troms. Også i Ráisvuopmi er det enkeltindivid over 450 m.o.h, men dei er små.

Lauvskogar (Regio subalpina).

I hovudsak vil lauvskog i denne regionen bety bjørkeskog. Men på rikare og meir fuktprega biotopar i fjellsider med frisk-fuktig mark (høg grunnvasstand) finn vi også gråorskogar. Mindre område med samanhengande ospeskog kan ein finne både i barskogen og bjørkeskogen. Her er det vel ofte snakk om klonar av osp gjennom renningar frå røttene. Dei fleste stadene finn vi ospa på tørre lokalitetar, men som nemnt i kap. II C 5 finst det også eksempel på at ospa har invadert frisk-fuktige lokalitetar der ein elles ville venta å finne older.

I tørre, sørvendte rasmarker kan ein av og til finne ganske reine bestand av silkeselje (Salix coaetanea). I samsvar med vanleg praksis har eg oppfatta ospeskogar og silkeseljeskogar som mosaikk-utformingar av bjørkeskogen, mens olderskogane blir klassifisert for seg.

Older- (gråor-) skogane går omtrent like høgt som furua; til 300 m.o.h. Bjørkeskogen har skoggrense på 350 m ved elveutløpet, men stig raskt til 500 m ved Sieimma og 570 m i gunstige lokalitetar i Mollesvuopmi og Njállaávþi.

Lågfjellet (Regio alpina inferior).

Vegetasjonen i lågfjellet er svært variabel frå kyst til innland, men også i forhold til svært varierande substrat: Grunnfjell, metamorf kambrosilur, skifrig kambrosilur, kalkrike lokalitetar, morener.

Kystfjella er såpass bratte at det blir lite av våtmarker i lågfjellet. På dei fattigare lokalitetane dominerer lågvaksen dvergbjørk og krøkebær (krekling). På grunn av stor vinternedbør og nokså konstant vind frå aust blir det store fokkskavlar, derfor oppstår det lett snøleier også i lågfjellet.

Moderate snøleier kan få ein svært artsrik og frodig lågurtvegetasjon dersom fjellgrunnen er kalkrik - og det er den ofte. På tørrare lokalitetar kan krøkebær og dvergbjørk bli spedd opp med eller avløyst av kantlyng og reinrose. Rabbar i lågfjellet viser klassiske gradientar mellom snøskyande (chionofobe) artar på toppen og snøavhengige (chionofile) artar i det snøleget som nesten alltid oppstår på lesida av rabben. På grunnlag av den store variasjonen i vegetasjonsdekket brukar ein å teikne vegetasjonsprofilar, slik dette eksemplet frå Aune og Kjærem 1977 viser (fig. 1).

I og med at kystfjella er sedimentære, og kalkinnhaldet i dei fleste områda er merkbart, blir det vel så vanleg med rike profilar som med fattige. Berre på sterkt omdanna, såkalla metamorfe sediment (arkose) kan ein finne «ekte» fattige vegetasjonsprofilar. I dei rikaste områda, slik som i Jávreoaivit-massivet, kan profilane vere ekstremt varierte og artsmangfoldige. Den store variasjonen i området gjer at ein ikkje kan seie eksakt om desse er representative. Derfor får dei heller stå som vitnemål om det vegetasjons-mangfaldet som pregar lågfjellet i midtre og ytre delar av Reisadalen. Berre på sterkt omdanna, såkalla metamorfe sediment (arkose) kan ein finne «ekte» fattige vegetasjonsprofilar.

I dei rikaste områda, slik som i Jávreoaivit-massivet, kan profilane vere ekstremt varierte og artsmangfoldige. Her er tatt med to slike profilar som er inventert i 1977 i Geatkutvággi (fig. 2 og 3). Den store variasjonen i området gjer at ein ikkje kan seie eksakt om desse er representative. Derfor får dei heller stå som vitnemål om det vegetasjons-mangfaldet som pregar lågfjellet i midtre og ytre delar av Reisadalen.

1. Vegetasjonsprofilar i lågfjellet.

Fig. 1. Lågfjellsvegetasjon ved Aune & Kjærem (1977). Generell modell for fattige og rike vegetasjonsprofilar i lågfjellet.

Fig. 2. Ekstremrik lågfjellsprofil. Snølegetype. Ved Hartvig Sætra et. al. (1979). Travers på 1600 m lagt ut frå Geatkutjávri mot aust over Skorajávri og snølegene rundt sjøen.

Fig 3. Ekstremrik profil av lågurteng. Ved HS et al. (1979).

I Buntavággi (Puntadalen) begynner andre vegetasjonstypar å prege lågfjellet. Fjella er ikkje lenger så bratte, og på slake, veldrenerte lokalitetar blir dvergbjørk-vegetasjonen høgare og kraftigare enn nærmare kysten. Vi får den vegetasjonstypen som vi tidlegare har omtala som skieri og rohtu. Samtidig blir våtmarkene meir dominerande. Vi begynner også å få dei første flekkane av permafrost (pals, pounut), og med det fleire nye mosaikkstrukturar i vegetasjonsbildet.

Mellomfjellet. (R. alp. media) og høgfjellet (R. alp. superior)

Det er vanskeleg å skilje desse to regionane i Reisadalen, og dei er meir å oppfatte som ein mosaikk, der topografi, eksponering og lokalklima er viktigare for vegetasjonen enn høgda over havet. Men det er klart at generelt er alle fjelltoppar over 1100 m å oppfatte som høgfjell. Blokkmarker og anna impediment utgjer ein stor del av arealet i slike område.

Da dei høgaste fjella stort sett er å finne nær kysten, (med begge Háldi som viktige unntak), finn vi det meste av høgfjellsbeltet i den ytre (nordlege) delen av nedslagsfeltet. Ein god del av høgfjellsområda er snøleger, som ikkje er særleg forskjellige frå dei vi finn i mellomfjellet.

Mellomfjellet har stort sett ei meir tradisjonell utforming enn lågfjellet. Vi finn ikkje slike ekstremt artsrike profilar som nemnt i forrige avsnitt. Mange av rabb- og snølegetypane frå lågfjellet går igjen også her, men dei rike engene, engsnølegene og våtmarkene blir borte. Den dominerande vegetasjonstypen er krøkebærmark, også i dei områda der det er sedimentære bergartar.

Det er berre i dei rikare bergartane at vi finn kalkvegetasjon, og denne er som regel meir tørkeprega og artsmessig meir einsidig enn i lågfjellet. På rike snøleger finn vi nokre få kalkindikatorar, først og fremst polarvier (Salix polaris), som avløyser musøyre (S. herbacea). På dei tørraste rabbane vil reinrosa (Dryas octopetala) avløyse greplyng (Loiseleuria procumbens) og fjellpryd (Diapensia lapponica). Litt mindre eksponerte lokalitetar får kantlyng (Cassiope tetragona) i staden for krøkebær.

Unntaksvis er mellomfjellet så artsrikt at det er interessant som fredningsobjekt. Det gjeld Jávreoaivit, som allereie er verna, men også Snøfonnfjellet, Ávku, Bálggesoaivi, Lulisfjell og Jyppyrä.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...