Vegetasjonen i Reisavassdraget, Troms

Av Hartvig Sætra

Floradelen av den botaniske samlerapporten for Reisavassdraget kom i 1986, TROMURA nr. 50. Det var føresetnaden at vegetasjonsdelen skulle komme snart etterpå, men det har dratt ut av ulike årsaker.

Begge rapportane er laga ut frå eit omfattande feltarbeid. Ein del av dette har skjedd i meir offisiell regi, på oppdrag av Miljøverndepartementet (Landsplan for verneverdige områder) 1975-76, «Styringsgruppa for ti års vernede vassdrag» 1977-82, og Fylkesmannen i Troms 1984. Resten av feltarbeidet har skjedd i eigen regi og på eigen kostnad. Detaljert oversikt over undersøkingane kjem i kapittel I.

Føreord.

Karttransparentane i l:50 000 frå l978, l979 og l980 er ikkje teikna ut, berre brukt som grunnlag for korrigeringar av satellittkartet. Men det finst eit kart frå l978 som er teikna i målestokk l:50 000 av Audun Johnsen, Edvard Lorentzen og Gunnar Sætra, på grunnlag av luftfotos og notatar i terrenget. Kartet er kontrollert av underskrivne, og det vart klargjort for trykking i l982. Dette kartet, som er trykt som vedlegg her, er det einaste som kan seiast å vere eit direkte resultat av utteikninga av transparentar – først på kladd i felt, seinare korrigert på skrivebordet – ein jobb som har teke anslagsvis l50 timar. Men slik er det når ny teknikk ”overkjører” det ein har gjort.Som det vil gå fram av mine kommentarar til satellitt-kartet, har det gått tapt ein god del i presisjon gjennom satellitt-teknikken. Det er og blir ikkje det samme å sveve i verdsrommet som å gå på bakken og observere grasrota. Det har fleire gonger vore søkt om midlar til å fullføre vegetasjonsdelen. Fylkesmannen i Troms gav 50 000 kr for hausthalvåret 1995 og samme sum for vårhalvåret 1996, slik at prosjektet kunne realiserast.
Eg vil få takke dei som har vore med meg på feltarbeidet: Arne Evensen, Bernt Johansen, Endre Sønstabø, Audun Johnsen, Edvard Lorentzen, Gunnar Sætra, Knut Engelskjøn, Torfinn Rohde, Gunnar Thu, Ragnar Grape og Arne Abrahamsen. Ei sentral stilling har Liv Mølster hatt, først som koordinator for tiårsvassdragsundersøkingane, seinare som representant for Fylkesmannens Miljøvernavdeling i Troms. Ho har også sjølv utført feltarbeid i Reisadalen. Ein del usikre funn er bestemt av konservatorane Reidar Elven, Brynhild Mørkved, Torstein Engelskjøn og Ola Skifte. Dei to siste har også vore lagkameratar på diverse turar i dalen. Usikre mosar og lav er bestemt av høgskolelektor Odd Vevle, Bø i Telemark, og av Torstein Engelskjøn, konservator ved Tromsø Museum.
Ein del underkapittel frå TROMURA nr. 50, og som har relevans også for denne rapporten, blir ikkje trykt opp att her. Det gjeld kap. IA: Tidlegare undersøkingar og IIE: Delområder. Ein del av stoffet i det siste underkapitlet blir inkorporert i teksten andre stader.

Resten av kap. I og II frå Tromura 50 blir tatt med i litt nedkorta form. Rettskrivinga i samiske namn følgjer rettskrivingsendringane frå åttiåra. Ein del namn vil derfor ha ulik form i denne rapporten i forhold til florarapporten.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...