IV. MÅL OG METODAR, Val av kartleggingseiningar - Nytolking av lågfjellsvegetasjonen i Indre Finnmark

Av Hartvig Sætra

Derfor valte vi å følgje ein passus i brev frå prosjektleiaren, Liv Mølster, der det står: «På møtet i Trondheim (DKNVS juni 1978, min merknad) snakket vi første dag om felles problemer angående metodikken for undersøkelsene..... Når det gjelder kartleggingen må vi finne fram til egne enheter der vi ikke kan finne noe som passer i de aktuelle listene vi har (fra Saltfjellet, Trondheimsmiljøet, Hesjedal). De hadde i Trondheim også utarbeidet en liste over vegetasjonsenhetene for oversiktskartlegging (1 : 50 000). Enhetene ser nokså grove ut. Det er derfor nødvendig med utstrakt symbolbruk.»
Vi tolka dette slik at vi måtte definere dvergbjørk-krattvegetasjonen og krattvegetasjonen med lyse vierartar som eigne vegetasjonstypar, ut frå eit høveleg stort materiale av vegetasjonsanalysar. Slik krattvegetasjon har ikkje noko godt norsk namn, og for oss var det rimeleg å kalle dvergbjørkutforminga for skieri - eit samisk begrep som også norsktalande i Nord-Troms brukar om dvergbjørk-kratt. Ved konsultasjon av samisk språkekspertise (prof. Nils Jernsletten pers. meld.) fekk vi vite at «kratt av lyse vierartar» kunne kallast rohtu.
For å få innpassa desse typane i systemet, måtte vi ty til eit par kunstgrep: I grov-inndelinga laga vi to nye kategoriar under 1: Heiar og enger i fjellet.

Vi innførte 1 a1: Skieri, og 1 a2 : Rohtu. Innan detaljkartleggingseiningane var det naturleg å ta utgangspunkt i 81: Einer-dvergbjørkhei, og inndele både skieri og rohtu etter feltskiktet. Nærmare om dette i neste kapittel.

I den grove inndelinga vart den spesielle utforminga av vegetasjonen i gorsaene eit stort dilemma. Den enorme variasjonsbreidda over eit lite område, der det i hovedsak var bjørkeskog, førte til at vi putta det heile i ein spesiell sekk og kalla det 5g: Gorsavegetasjon.

Også den store skilnaden på parallelle vegetasjonstypar etter som dei finst på solsida eller skyggesida, var eit problem som kravde spesielle inndelingskategoriar. Dei tørre, solvendte mjølbær-bjørkeskogane i Reisadalen er ikkje definert tidlegare, for å ta eit viktig eksempel.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...