Njállaávþi.

2004-06-01
Under kartlegginga er det skrive rapportar frå ulike delar av nedslagsfeltet, jfr. kap. I A. Slike rapportar ligg føre for Njállaávþi (Sætra et.al. l979), Ráisvuopm og Çara/Punta (do. 1980) og Geatkevuopmi/Jierta (Sætra og Engelskjøn 1981). I tillegg finst det også ein rapport for den nedre delen av Punta-vassdraget (Sætra l984). Ingen av desse rapportane er publiserte, og blir det neppe. Dei er i hende hos Tromsø Museum, men er klausulert inntil denne rapporten ligg føre. Etter det vil dei vere opne for bruk. Det fell ganske naturleg å dele Reisavassdraget inn i skilde delområde, da kvar del både er relativt tydeleg geografisk avgrensa, og ikkje minst er nokså ulike i geologisk og vegetasjonsmessig samanheng.

V. VEGETASJONSSONAR LANGS REISAVASSDRAGET

2003-12-05

Av Hartvig Sætra

Av naturlege årsaker kjem dei vegetasjonssonane og -typane som er med i kartlegginga, til å få grundigast gjennomgang. Det vil i praksis seie dei typane som er med i dei to tabellane på slutten av forrige kapittel. Ein del av dei andre typane er nemnt under omtalen av delområda, og vil derfor få svært summarisk behandling her. Men det er naturleg å foreta ei inndeling av nedslagsfeltet i vegetasjonssonar og høgdelagsbelte. Og ein del av dei mest interessante vegetasjonstypane som ikkje inngår i det kartlagde området, vil bli omtalt i denne delen.

IV. MÅL OG METODAR, Meir om bruken av kartleggingseiningane

2003-12-05
Som det går fram av kap. IV A, har eg følgt DKNVS/Aune og Kjærem (1973). Eventuelle avvik er drøfta samme stad. Det har vore hevda at eg burde omstrukturert systemet, men av praktiske årsaker finn eg dette så tidkrevjande og formålslaust at eg ikkje vil gå inn på det. Blant anna skulle det krevje at karttransparentane, som har lege ferdige i snart 15 år, måtte teiknast fullstendig om og få heilt nye signaturar. Denne rapporten skulle i praksis ha kome samtidig med dei andre rapportane som vart sydd etter samme leist. Derfor får eventuelle kritiske lesarar bere over med dette, og ta rapporten for det den er: Ein forseinka del av rapportane om tiårsvassdraga. Aune & Kjærems grovinndeling er berre brukt på kart i 1 : 50 000, det vil seie på det trykte kartet frå Njállaávþi (Johnsen et.al. l978).

IV. MÅL OG METODAR, Val av kartleggingseiningar - Nytolking av lågfjellsvegetasjonen i Indre Finnmark

2003-12-05

Av Hartvig Sætra

Derfor valte vi å følgje ein passus i brev frå prosjektleiaren, Liv Mølster, der det står: «På møtet i Trondheim (DKNVS juni 1978, min merknad) snakket vi første dag om felles problemer angående metodikken for undersøkelsene..... Når det gjelder kartleggingen må vi finne fram til egne enheter der vi ikke kan finne noe som passer i de aktuelle listene vi har (fra Saltfjellet, Trondheimsmiljøet, Hesjedal). De hadde i Trondheim også utarbeidet en liste over vegetasjonsenhetene for oversiktskartlegging (1 : 50 000). Enhetene ser nokså grove ut. Det er derfor nødvendig med utstrakt symbolbruk.»

IV. MÅL OG METODAR, Val av kartleggingseiningar - Oppstartsproblem i Njállaavzi

2003-12-05

Av Hartvig Sætra

Under oppstarten av kartleggingsarbeidet i Njállaávþi 1978 skulle Saltfjellsrapporten (Aune og Kjærem 1977) leggast til grunn for vegetasjonseiningar og kodar på kartet. Systemet er utarbeidd med tanke på oversiktskartlegging i målestokk frå 1 : 50 000 til 1 : 25 000. I Saltdalsrapporten er det ikkje noka «finare» inndeling for kartlegging 1 : 10 000. Denne inndelinga var først ferdig i juni 1978, signert DKNVS, Muséet, bot.avd. Derfor hadde vi ikkje fått anna enn ei summarisk opplisting da vi starta på kartlegginga i Njállaávþi i juli 1978. Vi hadde flybilder til rådvelde for heile området i målestokk 1 : 35 000, og for gorsaområdet hadde vi bilder for detaljkartlegging i 1 : 10 000. Utgangspunktet var at vi skulle bruke Aune & Kjærem (1977) for målestokken 1 : 35 000, og den nye lista frå DKNVS til 1 : 10 000. Begge desse føresetnadene skapte frå første stund store problem i Njállaávþi, som vi skal sjå seinare

Vegetasjonen i Reisavassdraget, Troms

2003-12-04

Av Hartvig Sætra

Floradelen av den botaniske samlerapporten for Reisavassdraget kom i 1986, TROMURA nr. 50. Det var føresetnaden at vegetasjonsdelen skulle komme snart etterpå, men det har dratt ut av ulike årsaker.

Begge rapportane er laga ut frå eit omfattande feltarbeid. Ein del av dette har skjedd i meir offisiell regi, på oppdrag av Miljøverndepartementet (Landsplan for verneverdige områder) 1975-76, «Styringsgruppa for ti års vernede vassdrag» 1977-82, og Fylkesmannen i Troms 1984. Resten av feltarbeidet har skjedd i eigen regi og på eigen kostnad. Detaljert oversikt over undersøkingane kjem i kapittel I.

INNLEIING, Feltarbeidet bak rapporten

2003-12-04

Av Hartvig Sætra

Underskrivne gjorde i 1975 ei befaring i Njállaávþi, Geatkevuopmi og Jierta etter oppdrag frå Miljøverndepartementet, i samband med Landsplan for verneverdige naturområder og -forekomster. Rapporten etter befaringa konkluderte med eit framlegg om vern av Njállaávþi, Geatkevuopmi, Çaravassdraget og ein del av Puntavassdraget, pluss hoveddalføret ned til Nedrefoss. Formell vernestatus vart ikkje foreslått.

INNLEIING, Eksisterande fredningar i Reisadalen

2003-12-04

Av Hartvig Sætra

Så spesiell som naturen i Reisadalen er, finst det naturleg nok både enkeltobjekt og større eller mindre område som er verneverdige. Eit av dei første vernetiltak i Troms fylke vart da også sett i verk her: Fredning av Sieimakongen, ei utgammal storfuru på ein holme i elva eit stykke ned for Sieima (UTM EC 278 003, kartblad Mollešjohka 1733 I). Verken bygdefolket eller Statens Skoger kjenner eksakt årstal, men det var truleg i 1920 eller litt seinare. Sieimakongen står ennå i si velmakt. Han er ikkje høg, men det må fire menneske til for å nå rundt.

Here, fishy fishy fishy...