DET UNDERSØKTE OMRÅDET, Geografisk plassering, utstrekning, topografi

Av Hartvig Sætra

Reisaelva har eit nedbørsfelt på 2 692 km2. (Schei & Fossli Johansen l995). Vel 20 km2 ligg i Finnmark fylke, Guovdageaidnu suohkan, og mellom 5 og 10 km2 i Finland. Resten ligg i Troms fylke, Nordreisa kommune. Omlag 85% av nedslagsfeltet ligg over skoggrensa. Resten er nordlege bjørkeskogar og andre lauvskogstypar, med «øyar» av furuskog, eller samanhengande furuskog på morenelokalitetane mellom Sarelv og Kjellaren. I Hysingjord-området ned mot Storslett er det små område med meir varmeprega olderskogar under marin grense. Det er også eit større elvedelta med strandvegetasjon. Denne vegetasjonstypen blir ikkje behandla i denne rapporten.
Elva følgjer ein dal som i nedre delen er prega av at det gjekk ein fjord innover omtrent til Tørrfoss i tida etter avsmeltinga og før landhevinga. (Arnt I. Kverndal ibid.). Marin grense i nedre del av dalen er ca. 45 m.
Fjella langs dalføret viser ei karakteristisk utvikling frå kyst til innland: Ved kysten er dei relativt låge, under 1000 m. Unntak er Bæssetindan mot vest, som er over 1300 m, og fjella i gabbromassivet bak Rokkilnjunni (1200 m). På begge sider av dalen blir fjella høgare, heilt til dei kulminerer med dei to «høgsetestolpane» («Haldiane»), - Beahçegealháldi mot aust (1320 m) og Ráisduottarháldi mot vest (1365 m). Innafor her blir fjella igjen suksessivt lågare og rundare, med unntak som Jierta (830 m), Siðusoaivi (862 m), Sagge Çierte (853 m) og Jorba Çierte (836 m) mot finskegrensa. Overgangane mot Finland og Finnmark i sørenden av dalen er låge, opptil 500 m, og skogkledde. Skoggrensa stig frå ca. 350 m ved Storslett til nesten 600 m i Njállaávþi og Mollesvuopmi. Mens vass-skiljet er relativt veldefinert av fjellraden på kvar side av dalen, blir det meir diffust mot Finnmarksvidda i sør, ved Ráisjávri og Sáitejávri.
I si lengste utstrekning frå inst ved Sáitejávri (i Njállaávþi) til sjøen er elva omkring 125 km. Dersom vi tar med den store agnordalen langs Njárggajohka (Ráisvuopmi) blir elva enda litt lenger. Det betyr at Reisaelva er like lang som Hallingdalselva frå Krøderen til Hardangervidda. Fallet frå vasskiljet ved Sáitejávri er akkurat 500 m, ved Deatnomuotki 520 m og omtrent det samme ved dei sørlege kjeldene til Ráisjávri. Det betyr at mens dalen er avgrensa av snaufjell over alt elles, så er det tre «skogskorridorar» inn i dalen frå Tornedalen og dei finske taiga-områda.
Elva går roleg dei første kilometrane på kanten av vidda. Deretter kjem ho inn i eit område med tronge v-dalar (ávþi), der det har vore svake sonar i randområda for grunnfjellsgranitten. Slik er det i Njállaávþi ved Juovvaóskáidi, i Nieidaávþi og i Ráisvuoprni. Spesielt den siste kan kallast ein «U-V-dal», jfr. figur III. Frå elvemotet mellom Ráiseatnu og Njállajohka kjem vi inn i det eigentlege canyon-området. Her skjer elva seg ned i utløparane av skyvedekka (sjå kap. II C). Samtidig er dalføret sterkt erodert av isbrear, og får etter kvart u-dalsfasong (samisk vággi). Canyon-preget avtar mellom Sieimma og Sarelv, men gjentar seg lenger nede, i Sappen- og Moskodal-området.
Figur1: Nordreisavassdraget
Frå Imo og dei neste 100 km er det berre 160 m fall til sjøen og ingen fossar. Nedrefoss er i røynda berre eit kraftig stryk. Koten for 100 m blir kryssa ved Käyräniva ca. 75 km frå utløpet. Ved Bergmo omtrent går 45 m-koten, som tilsvarer høgaste marine grense.

Dei største vatna i vassdraget ligg inne på dei flate områda på vidda. Det gjeld først og fremst Ráisjávri (ca. 5 km2) og Sáitejávri i (ca. 3 km2). Ingen andre innsjøar er over 2 km2. I Ráisvuopmi er det svært mange middels store vatn, på grunn av det flate landskapet med mange moreneryggar. Også i Geatkevuopmi-området, nær grensa til Finland, fører spesielle topografiske forhold til at det blir mange små vatn. Nærmare kysten er fjella såpass steile at det er få stader det blir plass for sjøar og vatn i det heile.
Figur3: Lengdeprofil av Nordreisadalen

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...