DET UNDERSØKTE OMRÅDET, Geologi

Av Hartvig Sætra

Berggrunnen

Det er nå ferdigteikna berggrunnskart for Nordreisa i målestokk 1: 250 000 med ganske detaljerte kodar (Zwaan 1988). Her er attgjeve eit forenkla oversiktskart. (Fig.4).
Berggrunnen i Reisavassdragets nedslagsfelt fell i to store grupper: a) Grunnfjell innafor ei krokete linje Siðusoaivi - Geatkejohkas løp - Guorbamohkki - Imo - Luvddiigorsa - Lievvlámáó. b) Kambro-silur i form av skyvedekke nord for denne linja. I randsonen finn vi ei tredje bergartsgruppe, c) dividalsformasjonen. I motsetning til skyvedekka, som er danna ute i havet og pressa opp på land, er divi-dalsbergartane blitt til der dei ligg. Derfor er dette laget fossilførande, (trilobittar), og det stammar frå siste delen av urtida. (Kverndal l995).
Den gongen, for bortimot 600 millionar år sidan, gjekk havet inn over det meste av Nord-Troms. Dividalsavsetningane og den prekambriske kalken vart avsett på den tids «kontinentalsokkel», som nådde heilt inn mot grensa til Finnmark. Dividalsformasjonen har for det meste ei småskifrig og svært porøs form. Det fører til at enkelte stader i dette grenseområdet er det umuleg å finne kaffevatn, f.eks. i delar av Jierta! Andre delar av dette dekket er til dels blitt «krølla» og sterkt omdanna under skyvedekket. Dette ser ein veldig tydeleg i Spanigorsa, der dividalsformasjonen trer klart fram i profil under det såkalla Jiertadekket, som ligg underst av skyvedekka. Det er mange fine synklinalar og antiklinalar og andre trolske formasjonar i denne kløfta.
Grunnfjellsformasjonane i den indre delen av dalen fører sjølvsagt til at vegetasjonen generelt er fattigare der enn i kambro-silur-området. Men det kan mange stader dukke opp overraskande kalkrike lokalitetar også her. Vi finn slike fenomen både i Ráisvuopmi (Goikefielbma), i Bavdnjaleamši og ikkje minst fleire stader i Njállaávþi, (Jiehtanasgorsa, Rasseáddjatgorsa, Juovvaskáidi, Skohpiçohka). Dette blir forklart med at det er forekomstar av prekambrisk kalk , som er avsett omtrent i samme periode som dividals-dekket. (Kverndal op.cit.).
Elles består grunnen her av kvarts- og feltspatgneis i området Ráisjávri - Skohpiçohka - Njállálahku mot Ságge Çierte. Lenger oppe i dalen blir det meir av granittar med sonar av kvartsitt og marmor. Øverst er det amfibolittar og sure vulkanske bergartar med innslag av karbonatrike breksjer.

Ved Ráisjávri er berggrunnen stort sett kvarts, feltspatgneis og grønnstein på austsida. I Boazoroaivi er det granitt.

Fleire stader i desse områda er det interessante malmforekomstar: Kopparkis og uranmalmar i Njállaávþi, koppar og fleire tungmetallar aust for Ráisjávri, der som kjent Bieddjuvággi gruver ligg.
Fjella lenger nede i Reisadalen hører til den kaledonske formasjonen, stort sett med alder frå kambro-silur eller litt eldre. Danninga av den kaledonske fjellkjeda skjedde i dei påfølgjande 200 mill. år etter at dividalsdekket vart til. Kontinentalplatene utfor Norge og Grønland dreiv mot kvarandre, og avsetningsbergartane på havbotnen mellom dei to kontinenta vart skuva inn på land. Dette skjedde i fleire omgangar, slik at det er fleire skyvedekke over kvarandre. Den kaledonske fjellkjeda vart danna på samme måten som dagens Himalaya, og hadde veldige dimensjonar i forhold til nå. På 400 mill. år er mesteparten slite bort. Dei laga som ligg att, er for det meste sterkt omdanna, fordi det i store tidsrom kvilte under fleire tusen meter høge fjell og eit tilsvarande sterkt trykk.
Ved Sørkjosen finst det eit «grunnfjellsvindu», og i Váddas-Rieppis er det gabbro. Resten av fjellgrunnen er meir eller mindre omdanna sediment, frå sandstein og leirskifer som er minst omdanna, til glimmerskifer og gneis. Ved Gáhperus er det innslag av marmor, og i Jávreoaivit - Pihkahihtama - Geatkutjávri er det skifrige bergartar av den såkalla Ankerlia-gruppa, som forvitrar lett og gir forvitringsprodukt med høg pH. Liknande bergartar finst i utkanten av nedslagsfeltet mot aust, i Avku, Bálggesoaivi, og Fahttavárri. I det store massivet sør for Røyeldalen er det hardare og meir omdanna sandstein, med innslag av eruptiv (gabbro) . Her er det da også tatt ut kopparmalmar. Forvitringsevna og karbonat-løyseligheta varierer sterkt i kambro-siluren, men stort sett vil vi i dei fleste fjellområda finne meir eller mindre kalkprega vegetasjonstypar i veksling med surjordsvegetasjon. Svakast er kalkvegetasjonen utvikla aust for dalen mellom Rokkilnjunni og Çaskijas, men også i delar av det undersøkte området Geatkevuobmi, Çara og vestre Punta er det forholdsvis tungløyselege bergartar, og større område med pH på 6 eller mindre.
Fig. III. Geologisk kart over Reisavassdraget med profil nedst. Profilet er tenkt lagt langs nordaust-sida av elva. Frå Bøe (1980).

Lausmassane.

I det indre området, Ráisvuopmi og Njállaávþi, er lausmassane mest av istidsopphav (glasialt materiale) . Det same gjeld fjellviddene og fjelldalane generelt langs heile vassdraget. Spesielle moreneformasjonar finn ein både i Ráisvuopmi, ved Deatnumuotki og i heile Njállaláhku ned mot Geatkevuopmi. Ein krokete morenerygg (esker?) demmer opp den merkelege sjøen Hoahkánjávri, som elles ligg i ein skråning, og er djupast innmed land i nedkant. Også i det vide bekkenet framfor Ráisduottarháldi, der Çoalbmevággi og Bieddjuvággi møtest, er det store og særprega moreneformasjonar. Morenene har anten surjordsvegetasjon eller svake spor av kalkelskande vegetasjon (jfr. type 853 i vegetasjonskapitlet). Enkelte av morenane ber spor av nivellering under vatn, i ei eller anna form for isdemt sjø. I Bieddjuvággi går elva tvers gjennom og under morenane, og fisken passerer denne hindringa ganske lett. Çoalbmevaggi har velutvikla eskerar (breelv-ryggar) med til dels finkorna materiale. Slike formasjonar finn ein også innover i Finland, mot Poroeno. Ein stad på finsk side bryt det fram ei ganske stor elv direkte ut av bakken. I Fávresorda er moreneryggane låge og for det meste graskledde. Det kjem av at snødekket går seint, og dreneringa er lite effektiv. Kalkrike fjell omkring avgir truleg grunnvatn med høg pH til desse botnmorenane.
Nede i dalen finn vi både morener og elveavsetningar (fluvialt materiale). Dei grovare elveavsetningane har som regel samme opphav som morenane, - det er på ein måte berre morenemateriale som er flytta på. Dei finare partiklane er derimot flytta over lengre strekningar, og har oftare opphav i forvitringsmateriale. Slikt finkorna materiale blir rive laus i vårflaumen, og avsett i den såkalla «nil-sonen» der elva fløymer utover vegetasjonen og skogen. Slike avsetningar har stor betydning både for vegetasjonen generelt og for jordbruket i dalen. Også lenger inn i dalen der elva flyt stille kan vi finne slike avsetningar, f. eks. i Njállaláhku, Geatkevuopmi og Mollešvuopmi.
Nede i hoveddalen kan vi også finne såkalla glasifluviale avsetningar, - materiale avsett av istidselvar. Ein esker finn vi ved Hellighesja (Sappen), ein annan ved Furuholmen. Dødisgroper finn ein mange stader, f. eks. Fossmo, Liland.

Marine avsetningar finn vi rimeleg nok i første rekke ute i deltaet og den nedre delen av dalen, opp til 40-50 m over havnivå i dag. Mange av desse avsetningane har blitt ført vekk igjen av elva, men på Lunde og Mælen (Storslett), Hysingjord, Kildal og ikkje minst i Snemyr finn vi restar av marine avsetninger. Galsomælen i Snemyr er den største og botanisk mest interessante, med svakt preg av sørvendt og varmeprega olderskog og norsk nordgrense for lerkespore (Corydalis fabacea), saman med Vest-Uløy.
På dei store marine og brakkvassprega avsetningane i sjølve deltaet er det mange interessante plantesamfunn. (Jfr. Kristiansen 1975) Det er planlagt naturreservat i deltaet, med spesielt sikte mot vern av strandengene.

Enkelte fjelltoppar i det ytre området, nær Storslett, har påfallande lite materiale som tyder på glasialt opphav. Desse toppane trur vi har vore isfrie under heile eller det meste av siste istid.
Forvitringsmateriale finn ein mest rikeleg utforma i dei mange og store rasmarkene i Reisaelvas canyon. Dei er av alle slags kaliber, frå meterhøge blokker til finaste mjell, alt etter arten av stein som er utgangspunkt for lausmassane. Det meste er magert og tørt, men somme stader går det grunnvatn like under overflata. Da kan vegetasjonen bli både overdådig og særmerkt. Låge fjell ned kalkrike bergartar har fått dei skarpe kantane avrunda og dei bratte raskjeglane utjamna. Slike forvitringsbergartar har vi særleg i dei to viktigaste botaniske områda, fjellmassivet. i Jávreoaivit og i overgangen mellom Røyeldalen og Rongadalen. Fjella i Njállaávþi er også meir avrunda, trass i at det er grunnfjellsområde. Her er nok årsaka at isdekket har vore så kraftig og så lett rørleg.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...