INNLEIING, Eksisterande fredningar i Reisadalen

Av Hartvig Sætra

Så spesiell som naturen i Reisadalen er, finst det naturleg nok både enkeltobjekt og større eller mindre område som er verneverdige. Eit av dei første vernetiltak i Troms fylke vart da også sett i verk her: Fredning av Sieimakongen, ei utgammal storfuru på ein holme i elva eit stykke ned for Sieima (UTM EC 278 003, kartblad Mollešjohka 1733 I). Verken bygdefolket eller Statens Skoger kjenner eksakt årstal, men det var truleg i 1920 eller litt seinare. Sieimakongen står ennå i si velmakt. Han er ikkje høg, men det må fire menneske til for å nå rundt.
Seinare er også Liskomukka-furua freda ved kongeleg resolusjon. Denne er av omtrent same storleik, og ligg mellom Svartfoss (Vangen) og Bjørkli, aust for elva, (UTM EC 175 117, kartblad Reisadalen 1734 III).

Ved Ansamukka (UTM EC 224 044, kartblad Ráisduottarháldi 1733 IV) er det oppretta eit furuskogreservat på 26 mål. Dette består av gammal, grovvaksen furu som er konsentrert i dette området, og det har status som fredning gruppe A, dvs. at det er verna som urskogreservat mot alle menneskelege inngrep. Fredning skjedde i 1977.
Statens Skoger har foretatt ei intern såkalla «administrativ fredning» av eit område mellom Çievra og Naustnes. Objektet for fredninga er særleg dei furuene som vart stormfelt i 1964, og som nå skal ligge der og gå tilbake til naturen. For mange er visst denne fredninga tung å svelgje, da desse furuene stadig blir vandalisert av folk som går laus med motorsag for å finne brenneved.
Det sterkaste vernet i Reisadalen har i namnet Jávreoaivit Naturreservat, som vart oppretta sommaren 1981. Området er på 41 km2 og omfattar ein del av det som geologisk går under «Ankerlia-formasjonen» i fjellpartiet Gáhperus - Pihkahistama - Vuoððovággi - Jávreoaivit - Juvošvággi, (kart Reisadalen 1734 III). Området er delt i eit nordaustleg «indre» område, og eit større sørleg og vestleg «ytre» område med «fri» reinbeiting. Mot sør (Gáhperus) er heile reservatet avgrensa av eit sperregjerde for rein. Tidlegare var det eit såkalla «botanikargjerde» som skulle verne det indre området mot overbeiting. Innafor dette gjerdet skulle ikkje belastninga overstige 500 rein. Dette fungerte skikkeleg berre eit par år, før store delar av det datt ned. Den «frie» beitinga i det ytre området var også betinga av eit reintal (6000?) som truleg er omlag halvparten av det antallet som nå kjem inn i området på ettersommaren.
Resultatet er at reservatstatusen for Jávreoaivit er ein illusjon når dette blir skrive (1995). I staden for å vere verna for sitt unike botaniske mangfold, er det blitt det hardast belasta området i heile Nordreisa kommune. Ei inventering gjort i august 1995 viste at ikkje berre det ytre området nær sperregjerdet, men også det indre området, som nå er utan gjerde, er sterkt nedtråkka. Ved å legge ut ruteanalysar på 1 x 1 m fann vi (”Vi” var i dette tilfellet Erling Brataas, Frode Brataas og underskrivne) ut følgjande: På lågurt-lokalitetar var det ikkje muleg å finne ein einaste flekk som ikkje hadde spor av reinklauver. Størstedelen av rutene hadde doble eller fleirdoble spor. Rabbelokalitetane var sterkt avslitne og meir erodert enn normalt. Mejlands klassiske lokalitet for snøstjerneblom (Stellaria crassipes) var i ferd med å forsvinne. Mange av dei sjeldne artane i området var knapt registrerbare. Langs gjerdet på begge sider var det nesten svart. Fleire viktige lokalitetar rett nord for gjerdet vart undersøkt for grønnkattefot (Antennaria porsildii), sølvkattefot (A. villifera), svartbakkestjerne (Erigeron humilis) , kvitstorr (Carex bicolor), kluftstorr (C. holostoma) og smalnøkleblom (Primula stricta). Dei fleste av desse artane fann vi ikkje igjen på tidlegare kjende lokalitetar. Grønnkattefot og sølvkattefot fann vi, men dei var oftast beita, i visse tilfelle sparka opp.
Den positive utviklinga i området som vi såg først i åttiåra, og som er beskrive i Sætra (1986), er altså dessverre historie. Situasjonen er nå langt verre enn før fredningsvedtaket, på grunn av det stadig aukande reintalet i området. På grunn av gjeting var situasjonen litt likare i august l998.

Trugsmåla frå kraftutbygging (Njuorjujohka) og snøskoterløyper er borte. Det foregår nok ulovleg snøskoterkjøring her. Men langt verre er den sterkt auka bruken av barmarkskjøretøy. Sett i forhold til tråkkskadene, som er enorme, er likevel barmarkskjøringa mindre viktig.

Underskrivne ser berre to vegar å gå når det gjeld Jávreoaivit naturreservat: 1) Flytte reindriftsaktivitetane til Çara-området, der det også går veg til fjells, og der verneverdiane er mindre, eller 2) oppheve statusen som naturreservat, fordi det snart blir lite igjen å verne. Og det er latterleg med ein vernestatus som er så streng at «ingen har lov til å fjerne plantemateriale frå området», når området er svarttråkka og bortimot totalrasert.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...