INNLEIING, Reisa Nasjonalpark

Av Hartvig Sætra

Reisadalen har imponert og fascinert turfolk og botanikarar i hundre år. Nordahl Grieg skreiv like før siste krig dikt til Mollisfossen, og tradisjonen går ut på at han gret ved Imo, av andaktskjensle over naturen og fossebruset der. Vi som har vore der ei lys og varm flaumnatt i juni, forstår han.

Som det også går fram av kap. I A, var det først etter 1970 at tanken om nasjonalpark i Ráisduottar (Reisavidda) tok fart. Det var to moment som var årsak til dette: a) Sperstad-utvalget (l976) som vurderte norsk vassdragsutbygging, foreslo fredning av Reisavassdraget, og b) Nordisk Råd (l973) foreslo ein nasjonalpark på begge sider av grensa mot Finland.
Diskusjonen om ein Indre Riksveg frå Bilto til Kautokeino skaut også fart i denne tida, på grunn av opninga av Bieddjuvággi Gruver i 1970. Den gongen var det mange som ville bygge vegen nede i dalen, og andre som ville legge traseen over Mollešvuopmi for å spare dalen. Blant dei siste hørte underskrivne.

Indre Riksveg spøkte heile tida i kulissane under den vidare saksgangen. Det framlegget som underskrivne kom med i 1975, gav opning for vegutløysing på austsida av dalen. Ressursutvalget for Finnmarksvidda (l978) gav samrøystes tilslutning til dette forslaget. Men eit fleirtal ville gjerne følgje Nordisk Råds forslag om å frede heile Ráisduottar, medrekna Mollešvuopmi, dersom det seinare skulle vise seg at økonomiske og naturvernmessige omsyn talte mot Indre Riksveg. I så fall ville parken bli avgrensa mot nord av dei to «høgsetestolpane» på kvar side av dalen: Ráisduottarháldi mot vest og Beahçegealháldi mot aust.
Vedtaket i Ressursutvalget førte til at det vart fortgang i utredninga av nasjonalparken. I 1980 kom det framlegg om tre alternativ. Det største omfatta både Mollešvuopmi og området opp mot Jávreoaivit Naturreservat. Det minste alternativet blei til slutt valt. Dette er litt mindre enn Ressursutvalgets framlegg frå 1978, og omfattar 803 km2 . I tillegg vart 81 km2 verna som Ráisduottarháldi landskapsvernområde, på grensa mot Finland og Kåfjord kommune. Årsaka var sterke innvendingar mot at transportveg og snøskoterløype til hytta ved Somašjavri skulle bli stoppa.
Som ein kunne vente, skjedde ikkje opprettinga av nasjonalparken utan sverdslag. Det verserte buskagitasjon om at jakt, bærplukking og bålfang ville bli ulovleg, og at elvebåtkjøringa ville bli stoppa. Det blei samla inn bortimot 800 underskrifter mot parken. Men i kommunale organ fekk etableringa tilslutning av fleirtalet.
Norges Geologiske Undersøkelse hadde innvendingar mot å ta med det botanisk svært viktige området Goikefielbma sør for Ráisjávri i parken, på grunn av ikkje spesifiserte geologiske registreringar. Også ved Ávþevárri i Njállaávþi vart det prospektert, i det tilfellet etter uranmalm, men malmen var heldigvis ikkje drivverdig. NGU gav seg også på Goikefielbma, og endeleg den 28.11.86 vart parken oppretta etter vedtak i Statsråd. Det var da skjedd visse tillempingar, den viktigaste var det før omtalte landskapsvernområdet. Parken vart opna av miljøvernminister Sissel Rønbeck 06.08.87, og bandet vart klipt over ved Sieimma av ei småjente frå bygda. Etter det vart det oppretta eit råd for nasjonalparken, med representantar for kommunane, myndighetene og brukarinteressene - også for dei som helst ikkje skal bruke parken - snøskoterfolket. Men elvebåtkjøring er lovleg , og både snøskoter og begrensa barmarkskjøring er tillatt for dei to reinbeitedistrikta som flyttar gjennom området: Biertávárri-Çohkolat (RBD 36) og Beahçegealli ( RBD 35B). Dette gjeld berre avgrensa periodar i året, og etter fastlagte traséar. All anna motorisert ferdsel er strengt forboden. Likevel veit vi at det foregår ein del ulovleg kjøring i parken.
Trass i dette har ikkje varetakinga av Reisa Nasjonalpark bydd på problem av den typen som ein har på Jávreoaivit. Stort sett er det ro om den vedtatte forvaltingsplanen. Ei viktig årsak til dette er nok at vi har fått ei inndeling av parken i tre sonar: Ein turistsone langs Reisaelva opp til Imo, der det er lov å kjøre elvebåt, og der det er tilrettelagt for turisme, ein kjernesone med strengt vern innafor Jierta, og ein grensesone mellom desse to, der det bl.a. foregår reinflytting. I dei to siste sonane er det strenge restriksjonar på både hyttebygging og motorisert ferdsel av alle slag. Det er berre reindrifta som får dispensasjonar, og Kraftlaget dersom det skjer uhell på linjene.

Folk har erfart at ut over dette er det ingen restriksjonar på «fotfolket» ut over det som er gjeldande viltlovar og generelle oppførselsreglar for skog og mark. Dei få lovbrota som førekjem, skjer nesten utan unntak med motoriserte kjøretøy.
Det er også veksande forståing for at nasjonalparken er ein ressurs for kommunen. Den fører til aukande interesse for kommunen, det blir meir turisme og lettare å få fagfolk til å søke jobbar i bygda. Enkelte klagar over for mange turistar, men det er lite som tyder på at det ennå er noko problem. Med tida må ein kanskje innføre enkelte restriksjonar i turistsonen. Allereie nå er det forbod mot elvebåtkjøring enkelte tider, og det kan bli nødvendig å verne dei sårbare lav-lokalitetane på Imo mot tråkk. Uttak av brennefang langs elva er problematisk, og det er eit faktum at strekningen Huovinkivi-Nedrefoss til sine tider fungerer som «verdas lengste bar». Det er Nasjonalparkrådets sak å løyse slike floker, og erfaringsmessig går det bra, trass i visse motsetningar.
Når det gjeld ein eventuell Indre Riksveg gjennom Mollešvuopmi, ville den med dagens tekniske utvikling av terrengkjøretøy bli ganske fatal for vernestatusen i parken. Mange av oss som tidlegare kunne akseptere denne vegen, går derfor mot all vegbygging i dagens situasjon. Vi er også svært lei for at Statsskog har bygd skogsbilveg frå Sarelv til Käyräniva.
I følgje Statens Vegvesen (l994) har Indre Riksveg-prosjektet eit elendig økonomisk fundament, slik at dei vender tommelen ned for lang tid framover, - kanskje for godt. For det er også ein annan trasé som kan brukast til Indre Riksveg: Kvænangsbotn-Bieddjuvággi. På den strekningen er det allereie skjedd vegbygging og kraftutbygging. Og det er eit godt prinsipp i miljøvernet at ein ikkje gjer inngrep i jomfrueleg terreng, dersom ein kan bruke område der det har skjedd inngrep tidlegare. Dermed vil Nordisk Råds framlegg om ein utvida nasjonalpark igjen bli aktuelt, slik Ressursutvalget for Finnmarksvidda (l978) spådde. Kanskje blir det på nytt ønske om å dra grensa «mellom dei to Háldi-ane». Da vi i så fall parken bli nokså nær dobbelt så stor, dvs. omlag 1600 km2.
Til slutt ein merknad om namnet på nasjonalparken. Lokalt var det ingen høringsinstansar som ville ha namnet «Reisa Nasjonalpark», av den grunn at «Reisa» lokalt står for det bebygde området omkring tettstadene Storslett og Sørkjosen. «Reisadalen» betyr stort sett det bebygde området opp til Sarelv, til nød området langs elva til Nedrefoss. Dei fleste ville ha namnet knytta til kjerneområder, Njállaávþi. Når innvendinga var at dette berre er ein del av parken, kunne ein brukt Ráisduottar (Reisavidda), som utvilsamt dekker heile parken og vel så det. Fordelen med dei to namna var også at dette er samiske namn som blir brukt av dei norsktalande, dvs. at parken ville få likelydande namn på begge språk. Kompromisset er nå blitt at landskapsvernernrådet Ráisduottarháldi har fått eit slikt namn. Men prinsipielt er det ein uheldig praksis at sentrale vernenyndigheiter overkjører lokale råd i slike saker.


Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...