Kapittel III, KLIMA

Av Hartvig Sætra

Nedbør

Av dei temperatur- og nedbørstabellane som Meteorologisk Institutt gir ut, kan vi finne desse nedbørsmidlane for tre aktuelle nedbørstasjonar: Etter Bruun (1967). 1)

H.o.h. J F M A M J J A S O N D Året 9175 Storslett 4 m 49 46 48 31 38 35 49 54 74 59 45 45 573

9195 Puntastilla 98 m 28 26 27 15 21 18 39 40 52 34 25 25 350

9370 Kautokeino 306 m 10 9 9 12 20 47 72 56 37 18 14 13 317

Puntastilla ligg inne i dalen ca. 45 km frå fjordbotnen. Det er vel lite overraskende at nedbøren samla pr. år avtar dess lenger frå havet vi kjem. Klimaet blir tørrare og meir kontinentalt lenger inn i landet.

Men det er interessante avvik i denne tabellen som er verd å legge merke til: Ser vi på sommarmånadene juni, juli og august samla, får vi denne tabellen:

Storslett 138 mm Puntastilla 97 mm Kautokeino 175 mm

Sommarnedbøren er med andre ord ekstremt låg i Reisadalen, også såvidt nær kysten som Puntastilla. Det har ikkje blitt gjort systematiske nedbørmålingar lenger oppe i dalen, men under feltarbeidet og elles er det lett å observere at sommarnedbøren må vere enda lågare lenger inne. Ofte når nordvesten om sommaren berre til Sieimma eller i alle fall ikkje forbi Jierta. I 1975 var vi ti dagar i Njállaávþi og Geatkevuopmi og hadde 8 dagar utan regn, og temperaturar mellom 18 0 C og 25 0 C. I den samme perioden hadde kysten nesten samanhengande regn og nordvest vind, og mellom 6 0 C og 12 0 C. Det er altså grunn til å tru at især dei indre og vestre delane av vassdraget ligg i temmeleg effektiv regnskygge, og får eit langt meir kontinentalt preg enn ein kunne vente såvidt nær havet.

Nedbørskurvar teikna på bakgrunn av Bruun (1967) tyder på at nedbøren i Njállaávþi kan ligge på eit så lågt årsmiddel som 250 mm, dvs. halvparten av nedbøren i kommunesenteret Storslett.
Tab. 3. Klimadiagram over stasjonane Nordreisa, Puntastilla (nedbør) og Kautokeino

Temperatur

Her er det ikkje observasjoner frå Puntastilla, men mykje tyder på at tala derfrå ville ligge mellom dei to stasjonane om vinteren (kanskje nærmast Kautokeino), men over begge stasjonane om sommaren. Dette blir stadfest av temperaturkart frå Benum (1958, s. 16, 17), utarbeidd på grunnlag av meteorologiske data i perioden 1900 - 1930.

Oseanitet/kontinentalitet

Martonnes humiditetstal følgjer formelen

H = Årsnedbør i mm Årsmiddeltemperatur 0 C + 10

For Storslett blir dette talet i perioden 1900 - 1930 ca. 45, som blir rekna for relativt kontinentalt. I perioden 1930 - 60 har temperaturen auka, og dette talet har truleg gått ned, utan at det er råd å slå det fast eksakt (Benum 1958).

Det forholdsvis spinkle materialet frå Puntastilla tyder på eit humiditetstal på ca. 35, og at Njállaávþi ligg under 30. Tal av denne storleiksordninga vitnar om nokså ekstreme kontinentale forhold.

Målingane tyder på at det kontinentale preget i nedslagsfeltet har tiltatt etter 1930. Den såkalla årsamplituden, dvs. skilnaden mellom januar- og julitemperatur i gjennomsnitt, ser ut til å ha auka frå ca. 15 0 C i perioden 1900 - 1930 til 20 0 C i perioden 1930 - 1960. Det må seiast å vere ei nokså eksepsjonelt sterk forandring innanfor ein så kort periode.

Denne tendensen har nok avtatt igjen det siste tiåret, med dei milde vintrane og den store nedbøren vi har hatt da. Çara/Punta-området har eit langt mindre kontinentalt preg enn dalen innanfor Háldi. Vintertemperaturen er 2 - 3 0 C høgare, sommartemperaturen tilsvarande lågare. Ráisduottarháldi er eit relativt kystnært fjell som ofte ber skoddehatt og gir opphav til lokale skurer, men som også gir regnskygge for områda lenger inn. Vi har i dette området eit slags grenseland mellom kystland og innland. For eksempel finn vi dei første spora av palsdanning ved Gáhkkojávri rett innanfor Çarajávri. Likeså finn vi her dei første vegetasjonstypane med skikkeleg skieri og rohtu. Her er også kystnære forekomstar av kontinental kalkflora, slik som brannmyrklegg, stivsildre, svartbakkestjerne, grønkattefot, gullrublom, kluftstorr, trillingstorr, sibirnattfiol. Desse artane er for det meste knytta til snøleger, og det er ein vegetasjonstype som aukar i omfang ut mot kysten, sjå pkt. B.

Motsett er det få eller ingen artar som kan kallast kystplantar her inne. Men det er meir skrubbær å finne i blåbær-dominerte vegetasjonstypar, enn tilfellet er lenger inne. Dette er etter Hämet-Ahti (1963) eit teikn på oseanisk innverknad.

Desse innfløkte kombinasjonane tyder derfor på at vi har eit grenseområde her mellorn oseaniske og kontinentale forhold.

Vind og snø

Med så klart avtakande nedbør langs kyst-innland-gradienten blir det også mindre snømengder i indre strøk, sjølv om nedbørforskjellane er mindre om vinteren enn i sommarhalvåret. Det er også mindre vind i innlandet, og spesielt vil det blåse mindre frå nord og nordvest. Sør/aust-vind vil derimot vere sterk i alle delar av dalen.

Dette fører med seg to forhold: 1) Avsmeltinga foregår fortare i vårtida på indre strøk. I første delen av juli er det rikeleg med snø i fjella ved kysten, men innanfor Sarelv er det lite snø å sjå. 2) Det er færre snøleger i det indre området. Dei som finst, er danna i le for sør-søraustlege vindar. Også når det gjeld snødekket har vi eit grenseområde i Çara- og Puntavassdraga. Det er ein påfallande auke i arealet av snøleger nord for Vuomadátçohka. Rett nok er fjella høgare her, men det er ikkje heile forklaringa, da det også i lågfjellet er store område av riksnøleger eksempelvis i Geatkutvággi, Jávreoaivit, Gáhkovárri og i fjellmassivet aust for dalen frå Svartfoss til Røyelen. Snølegene blir mindre utbreidd igjen i området nærmast havet, på grunn av mildværsperiodar i vintertida.

Snølegene blir danna av kombinasjonen snø/vind. Men også vinden åleine er ein viktig økofaktor i området. Spesielt vil den tørre austavinden om vinteren slite hardt på vegetasjonen på snøberre rabbar. Det fører til at vegetasjonen blir sparsam. Men det bergar også fleire sjeldne artar, av den typen som ikkje klarer konkurransen andre stader enn på avblåsne rabbar.

Permafrost og palsmyrar

Finnmarksvidda ligg i grensesonen for permafrost i lågfjellsområde. Dermed vil det ofte opptre ei form for «flekk-tundra». Det vanlege begrepet for dette fenomenet er palsmyr.

Palsmyrar er grundig behandla i Vorren (1967). Her vil det berre bli tatt med ein kort omtale. Vorren definerer pals slik: «Vanligvis vil en flerårig teledannelse på myr, hvis beskyttende overflate rager mer enn en meter over det omgivende myrplan, være å betrakte som en pals. Imidlertid forekommer overgangsformer av alle slag mellom palser og tuer. --- Enkelte palser kan være meget lave, knapt meteren. Når jeg likevel kaller dem palser, er det fordi jeg anser det som meget viktig at telelegemet stikker under grunnvannsnivået. (I motsatt fall skal de kalles tuer)».

Vorren oppgir at dei største palsane kan vere sju m høge. Berre 50 - 100 cm av den øverste delen er telefri, stort sett den delen som består av råhumus. Den frosne palskjernen består av kvabb eller sand. I sjeldne tilfeller er det gammal innsjøbotn med kiselgur inni palskjernen, slik vi finn eit praktfullt eksempel på i Goikefielbma sør for Ráisjávri.

Ordet pals kjem frå det finske «palsa», mens dei mindre øytuvene og strengtuvene blir kalla «pounut» på finsk.

I Indre Finnmark kan ein av og til finne heilfrosne myrar, i følge Vorren. Dette fenomenet opptrer også sporadisk sør for Ráisjávri. Oftare er det slik at permafrosten er mest samanhengande i dei høgareliggande delane av myra, mens lågare delar har tueformige palsar, øytuver og strengtuver. Lengst nede er det gjerne meir samanhengande pyttar og flarkar. Runde pyttar er som regel vitnemål om ein heilt eller delvis nedsmelta pals. Kring dei fleste tuveforma palsane er det gjerne eit nedsenkt, vassfylt område, såkalla palslagg. Dette kjem av at palsen er inne i ein nedsmeltingsperiode.

Vorren meiner at dei fleste palsane i vårt land er inne i ein slik periode på grunn av det relativt gunstige klimaet i dei siste hundreåra. Vårt inntrykk frå Ráisvuopmi kan berre bekrefte dette inntrykket. Vi fann berre nokre få tilfeller der det tydeleg var ein pals under utvikling. Men vi la merke til eit fenomen som Vorren ikkje nemner: Enkelte stader ser det ut til at palsen minkar på «solsida» og har ein viss tilvekst mot nord, slik at palsen «vandrar» nordover.

Både befaring og flyfotos viser at palsane er eit fenomen som er på veg ut i området. Derfor er det spesielt store område som er dekt av palslagg og palspyttar, med sin heilt spesielle vegetasjon. Det er i slike område ein finn dei raude myrullartane og den sjeldne lappstorren, saman med eit rikt utval av andre myrull- og storrartar.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...